Provinsen Aydın (tyrkisk Aydın ili) er ein provins sørvest i Tyrkia, i Egearregionen. Provinshovudstaden er byen Aydın som har kring 150 000 (2000). Andre byar i proginsen er feriebyane Didim og Kuşadası.

Historie Aydın vart grunnlagd av dei gamle thrakiarane og var ein gong kalla Tralles. Området ligg i ein jordskjelvssone og byen har vorte bygd og bygd opp att av spartanarane, fryganarane, jonarane, lydarane, persarane og romarane. I 1186 tok seldsjukk-trykarane kontroll over området, etterfølgd av anatoliske beylikar av aydinidar. I denne perioden vart byen kalla Aydın Güzelhisar og vart ein del av Det osmanske riket i 1426.

Geografi Naboprovinsane er Manisa i nordaust, İzmir i nord, Denizli i aust, Muğla i sør.

Dei sentrale og vestlege delane av provinsane består av frodige sletter som får vatn av ei av dei største elvane i Egearregionen, Büyük Menderes, med Aydınfjella i nord og Menteşefjella i sør. Vestenden av provinsen ligg kysten av Egearhavet med Bafasjøen. Klimaet er typisk for Egearregionen, særs varmt om sommaren.

Distrikt Provinsen Aydın er delt inn i 17 distrikt:

Aydın (hovudstad) Bozdoğan Buharkent Çine Didim Germencik Incirliova Karacasu Karpuzlu

Koçarlı Köşk Kuşadası Kuyucak Nazilli Söke Sultanhisar Yenipazar

Økonomi Dei største næringane i provinsen er jordbruk og turisme.

Turisme thumb|right|250px|Afroditetempelet i Aphrodisias Kystbyane Didim og Kuşadası er dei viktigaste feriebyane i provinsen. Kuşadası ligg nær Büyük Menderes Delta nasjonalpark, medan Didim har eit Apollotempel, strender og ligg i nærleiken av ruinane av Miletos frå antikken. Det ligg mange arkeologiske stader i provinsen, som dei gamle kariske byane Alinda og Alabanda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aydın Province» frå , den 18. august 2012.

Bakgrunnsstoff

Aydın guvernør si offisielle side

*