Edwin Herbert Land () var ein amerikansk fysikar og oppfinnar. I 1937 grunnla han Polaroid Corporation og leia selskapet fram til 1982.

Frå 1981 var han president og forskingssjef ved Rowland Institute for Science og han var professor ved Massachusetts Institute of Technology frå 1956. Land utvikla ein metode for framstilling av polarisatorar for lys i form av store plater kalla polaroidark. Han viste at dette kunne nyttast i solbriller, frontglas på bilar. lyskastarar, tredimensjonal film og anna.

I 1947 presenterte han eit nytt kamera, eit polaroidkamera kalla eit Land-kamera, der den fotografiske framstillinga føregjekk i sjølve kameraet like etter at filmen var eksponert, og biletet kunne takast ut etter kring eitt minutt. Seinare vart i laboratoriet hans òg utvikla fargefilm for bruk i polaroidkamera.

Kjelder Edwin Herbert Land. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Edwin_Herbert_Land

Bakgrunnsstoff

Kort biografi

Kategori:USA-amerikanske oppfinnarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:USA-amerikanske direktørar Kategori:National Inventors Hall of Fame Kategori:Folk frå Bridgeport i Connecticut Kategori:Jødiske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Royal Society