Sjernarøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1636 i Stavanger kommune i Rogaland. Kyrkja ligg på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Ho er ei freda kyrkje og har 160 plassar. mini|venstre|Kyrkja sett frå sida.

Byggverket er lafta i tømmer og er bygd i renessansestil. Ho har vindauge berre på sørsida, og taket er tekt med teglstein. Utanpå er kyrkja raudmalt, men opphavleg var ho tjørebreidd. Veggane og taket inne i kyrkja er pryda med rosemåling. Desse blei kvitkalka på 1800-talet, men er no restaurerte. På 1950-talet la ein også inn elektrisk lys og varme og isolerte bygget.

Ved kyrkja er det reist eit minnesmerke over forfattaren Alfred Hauge, som var frå Kyrkjøy.

Kjelder

Sjernarøy kyrkje på Kyrkjesøk Sjernarøy kirke på Disnorge.no

Finnøy kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Stavanger Kategori:Kulturminne i Stavanger Kategori:Norske kyrkjer frå 1630-åra Kategori:Rosemåla kyrkjer Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Kyrkjer i Ytre Stavanger prosti