Vanse er ein tettstad i Farsund kommune i Agder med . Vanse ligg på Listahalvøya, om lag seks kilometer vest for Farsund bysentrum.
Norsk-amerikansk kultur I perioden frå 1890-talet til eit stykke ut på 1960-talet reiste tusenvis av listelendingar over Atlanterhavet til Amerika. Dei fleste drog til austkysten, blant anna til New York-området, der dei arbeiddee som hushjelpar, sjøfok og snikkarar. Etter månader eller år, og eitt eller fleire opphald, drog mange av dei heim att. Dette var med å seja preg på Lista.
Brooklyn Square miniatyr|Amerikansk skilt i Vanse. Brooklyn Square er ei gate på Bryne i Vanse sentrum; mellom fylkesveg 651 og Abraham Berges vei. Gata har namn etter Brooklyn i New York, og er den fyrste offisielle amerikanske adressa i Noreg. Her ligg Trunken, ein butikk som sel amerikanske varer. Han opna 25. desember 2004. Ved sida av Trunken ligg restauranten 8th Avenue, som er inspirert av New York på 50- og 60-talet. Til jul blir gata pynta på amerikansk vis. 29. oktober 2011 blei Farsund kommune vennskapsby med Bay Ridge Neighborhood i Brooklyn i New York.
American festival American festival er ein festival som er blitt halden årleg den siste helga i juni sidan 2007. Han avløyste den tidlegare Listafestivalen. Festivalen er fyrst og fremst ei feiring av det norske Amerika og banda mellom Lista og USA. Han har som målsetnad å visa fram norsk-amerikansk kultur og samtidig setja Farsund og regionen på kartet. Sommaren 2015 vitja 20 000 folk i løpet av festivalhelga. Selvaagparken på Bryne blir også brukt aktivt under festivaldagane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vanse» frå , den 26. september 2022.
Kategori:Geografi i Farsund Kategori:Tettstader i Agder