Ivan Tsikhan () er ein kviterussisk, tidlegare sleggjekastar frå Slonim-distriktet. Han har vunne tre VM-gull i sleggje; 2003, 2005 og 2007, og vart europameister under EM i Göteborg i 2006.

Medaljar og plasseringar i meisterskap VM i friidrett 1997 i Athen: Nr 12 - berre døde kast i finalen EM i friidrett 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (71,50 m) Sommar-OL 2000 i Sydney: Nr 4 med 79,17 m, same lengda som bronsemedaljøren Igor Astapkovitsj som hadde lengre nestbestekast VM i friidrett 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (74,43 m) EM i friidrett 2002 i München: Nr 9 - 77,86 m VM i friidrett 2003 i Paris: Gullmedalje med 83,05 m framom Adrián Annus (80,36 m) Sommar-OL 2004 i Athen: Sølvmedalje med 79,81 m bakom Koji Murofushi (82,91 m) VM i friidrett 2005 i Helsingfors: Gullmedalje med 83,89 m framom Vadzim Dzevjatoŭski (82,60 m) EM i friidrett 2006 i Göteborg: Gullmedalje med 81,11 m framom Olli-Pekka Karjalainen (80,84 m) og Vadim Devjatovskij (80,76 m) VM i friidrett 2007 i Osaka: Gullmedalje med 83,63 m framom Primož Kozmus (82,29 m) Sommar-OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje med 81,51 m

Tsikhan har med 86,73 m tidenes nest lengste sleggekast, ein centimer bak verdsrekorden til Jurij Sedykh.

Doping Etter sommar-OL 2008 vart Tsikhan dømd for ulovleg høge testosteron-verdiar, og fråteken OL-medaljen. Han anka til Den internasjonale voldgiftsretten for sport og vart frifunnen. I mai 2012 vart det funne spor av forbodne midlar i urinprøva frå sommar-OL 2004, og han vart då utestengd frå sommar-OL 2012.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ivan Tsikhan» frå , den 5. august 2012. Wolrd Athletics

Kategori:Belarusiske sleggekastarar Kategori:Verdsmeistrar i sleggekast Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Belarus Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016