Stephen James «Steve» Howe () er ein engelsk gitarist, kjend som medlem av progrockgruppa Yes. Han har òg vore medlem av The Syndicats, Bodast, Tomorrow, Asia og GTR, og har gjeve ut fleire soloalbum.Steve Howe - Gitar Rondo: Diskografi. I april 2017 blei Howe teken inn i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Yes.

Bakgrunn Howe vart som ung inspirert av Les Paul og gruppa Tennessee Ernie Ford med gitaristane Speedy West og Jimmy Bryant. I tillegg var han òg interessert i klassisk gitar og jazz, og han har nemnt Barney KesselSpectropop Remembers: Barney Kessel. som ei inspirasjonskjelde. Han nemner òg Chet Atkins som ei stor kjelde til inspirasjon, og adopterte Atkins sitt prinsipp om at ein gitarist bør kunne spele kva for ein som helst stilart.Vance, Brian. Gibson.com: "Steve Howe: The ein with the guitar mind."

Han fekk den første gitaren sin i julegåve som 12-åring og byrja etterkvart å spele på lokale utestader.Steve Howe – Guitar Rondo: Biography (1950s) . Han kjøpte sin første el-gitar i 1961.YesWorld.com – «YES Signs New Worldwide Recording Deal with Frontiers Records»

I 1964, som 17-åring, blei Howe med i sitt fyrste profesjonelle band, rhythm and blues-gruppa The Syndicats. Gruppa var blitt skipa året før og hadde Joe Meek som produsent.

Solo-diskografi For diskografi med Yes, sjå Yes#Diskografi

Beginnings (1975) The Steve Howe Album (1979) Turbulence (1991) The Grand Scheme of Things (1993) Not Necessarily Acoustic (1994) Homebrew (1996) Quantum Guitar (1998) Pulling Strings (1999) Portraits of Bob Dylan (1999) Homebrew 2 (2000) Natural Timbre (2001) Skyline (2002) Elements (2003) Guitar World (2003) Spectrum (2005) Remedy Live (2005) Homebrew 3 (2005) Motif (2008) The Haunted Melody med Steve Howe Trio (2008) Travelling med Steve Howe Trio (2010) Homebrew 4 (2010)

Gjesteroller Lou Reed – albumet Lou Reed (spelar gitar på heile albumet) (1972) The Dregs – «Up in the Air» på albumet Industry Standard (1982) Fish – «Time and a Word» på albumet Yin and Yang (1995) Frankie Goes to Hollywood – «Welcome to the Pleasuredome» på albumet Welcome to the Pleasuredome (1984) Queen – «Innuendo» på albumet Innuendo (1991)

Videografi Classic Rock Legends (2002) Careful With That Axe (2004) Steve Howe's Remedy Live (2005)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Steve Howe» frå , den 27. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Steve Howe - Guitar Rondo (offisiell heimeside) Diskografi på Yescography

Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Yes-medlemmar Kategori:Asia-medlemmar Kategori:Fingerspelgitaristar