Kulta er eit nordnorsk kompetansesenter i sirkus, teater og sceneteknikk i Tromsdalen i Troms. Senteret vert leia av Bente Reibo og blei oppretta gjennom eit vedtak i kommunestyret i 1992, då kalla for Tromsdalen Kulturhus som blei ein stad for teater- og sirkusgrupper, ungdomsklubb, rockeklubb og tryllekunstnarar. Dei ulike aktivitetane er ein del av kulturskuletilbodet i Tromsø kommune.
Sirkus Nysirkusprosjektet Kultas kompetanse på sirkustrening er bygd opp over ein tiårsperiode. Særleg dei siste to til tre åra har denne utviklinga skote fart. I 2002 initierte senteret «Nysirkusprosjektet», ei satsing på sirkus som også har teater. Så langt har huset produsert to større nysirkus-framsyningar, Liv i 2002 og Ur i 2004. Den fyrste profesjonelle framsyninga, Sirkusgåter hadde premiere hausten 2004.
Sirkusskulen Kulta har ansvaret for åtte sirkusgrupper med til saman rundt 90 elevar i alderen 6-17 år. Gruppene er inndelt etter alder og på timeplanen står ulike sirkusdisiplinar som golvakrobatikk, luftakrobatikk og sjonglering, men også fysisk spel, koreografi, framsyningsavvikling og sikkerheit.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kulta» frå , den 23. juli 2012.
Kategori:Kulturliv i Tromsø