Jarle Vespestad () er ein norsk trommeslagar frå Jessheim. Han har delteke i ei rad prosjekt og samarbeid, mellom anna med Sigurd Køhn, Stian Carstensen, Silje Nergaard, Supersilent og Tord Gustavsen.
Vespestad har musikkutdanninga si frå Toneheim folkehøgskole (1987-88) og jazzlinja ved Trøndelag Musikkonservatorium, der han tok eksamen i 1990.
Han har vore med i desse musikkgruppene: Veslefrekk (1989 - 1997) Farmers Market (1991 - ) Jazzmob (1998 - ) Petter Wettre Trio (The Trio) (1995 - ) Supersilent (1997 - ) Tord Gustavsen Trio
Vespestad, Jarle Vespestad, Jarle Kategori:Folk frå Ullensaker