Ivesdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1876 som ligg i Bjerkreim kommune i Rogaland.
Byggverket er i tre og har 210 plassar. Altertavla er laga av Karl Straurye i 1937 og har som motiv «Kom til meg dere som strever». Orgelet er frå A. Magnusson orgelbyggeri AB og er eit 6-stemmers orgelpositiv. Det blei laga i 1983 og flytta frå Sokndal kyrkje til Ivesdal kapell i 1995.
Kyrkjestaden har status som kulturminne, men er ikkje freda.
Kyrkja var tidlegare nemnd som Ivesdal kapell, dette vart endra 1. januar 2021.
Kjelder
«Ivesdal kapell» ved DIS-Rogaland
«Ivesdal kyrkje» ved bjerkreimkyrkja.no
Delar av denne artikkelen bygger på «Ivesdal kapell» frå , den 14. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Bjerkreim Kategori:Kyrkjer i Dalane prosti Kategori:Kulturminne i Bjerkreim Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:1876 i Noreg