mini|Tuk-tukar i Chiang Mai som fraktar kundar til kveldsmarknaden. Tuk-tuk eller autorickshaw er ein motorisert rickshaw som er ei utbreidd form for transport i fleire land i Asia og Afrika. Tuk-tuken består av ei metallramme av stål eller støypejarn på tre små hjul (eitt framme og to bak), eit sete for sjåføren framme og eit sete for tre passasjerar bak.
Ein tuk-tuk er normalt utstyrt med ein motorsykkelversjon av ein to-taktars motor med same styret som på ein motorsykkel. Transportmiddelet har fått namnet sitt etter den karakteristiske lyden motoren lagar. Tuk-tuk er eit effektivt transportmiddel, særleg i tung trafikk.
Ein tuk-tuk er å sjå i filmen The Beach med Leonardo DiCaprio. Ong Bak med Tony Jaa har ei biljakt-scene med fleire tuk-tukar. Tuk-tukar har også ei rolle i Playstation 2-spelet Stuntman. Under finalen i Miss Universe 2005 i Bangkok vart Nancy O'Dell frakta på scena i ein tuk-tuk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Kollektivtransport kategori:Transport i Thailand kategori:Motorkøyretøy