Leknes lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Lufthamna ligg om lag 2,0 kilometer nord for Leknes og er driven av Avinor AS.
Leknes lufthamn var ein av fleire kortbaneflyplassar som vart opna i 1972. Flyplassen har ein asfaltert rullebane som er 799 meter lang og 30 meter brei. I 1998 gjorde det dåverande Luftfartsverket eit forprosjekt for å gjere rullebanen lengre til 1 200 meter, men dette arbeidet vart ikkje ført vidare. __NOTOC__ Flyselskap og destinasjonar
Innland
Flyselskap DestinasjonarWiderøeWF.no: RutekartBodø, Røst, Svolvær
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leknes lufthavn» frå , den 30. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Avinor om Leknes lufthamn
Kategori:Flyplassar i Nordland Kategori:Samferdsle i Vestvågøy Kategori:Byggverk i Vestvågøy Kategori:Skipingar i 1972