Åsa er ein tettstad i Kungsbacka kommun i Hallands län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 3 218 innbyggjarar, og eit areal på 2,75 km².Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 11. Mars 2008 Åsa ligg cirka 45 kilometer sør for Göteborg.

Åsa er ein populær badeby for folk frå Göteborg, og tidlegare på 1900-talet òg for folk frå Borås. Spesielt populær er «Vita Sand» (Sörvik) som ligg ved Åsa Camping.

Byen har ein skule, Åsaskolan, med ca. 550 elevar.Kungsbacka kommuns webbplats Den store innflyttinga til byen dei seinare år har medført at enno ein skule, Åsa gardsskola, blei innvigd i 2008.

Byen har ein særs aktiv idrettsforening, Åsa IF, som har aktivitetar innan mellom anna fotball og innebandy. Kvart år blir det arrangert «Åsa-cupen» i fotball for jenter og gutar t.o.m. 12 år. Cupen trekkjer til seg lag frå heile det sørlege Sverige.

I byen finst daglegvarebutikk, bakeri, bensinstasjon med bilverksted, klesbutikkar, pizzeriaer og thairestaurant.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Åsa (Halland)» frå , den 29. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:tettstader i Kungsbacka kommun