Zhaotong (kinesisk skrift 昭通, pinyin Zhāotōng) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Yunnan i det sørlege Kina. Byprefekturet grensar til provinsen Sichuan i vest og i nord, og til provinsen Guizhou i aust. Zhaotong har eit areal på 23 192 km² og eit folketal på om lag 5,46 millionar.
Geografi Byprefekturet Zhaotong omfattar eitt distrikt (区 qū) og ti fylke (县 xiàn).
Næring Hovudnæringar er gruvedrift, tobakksdyrking og sementproduksjon. Prefekturet har eit av dei største lignitt-reservoara i Kina. Zhaotong er eit av dei fattigaste byprefektura i Kina og styresmaktene har oppmoda yngre folk om å søke arbeid i det søraustlege delane av landet.
Samferdsle Riksveg 213 i Kina går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zhaotong» frå , den 25. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byprefektur i Yunnan