Uttran er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Botkyrka og Salem i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen er særs avlang, og strekkjer seg frå Tumba/Uttran i aust, vidare like forbi Rönninge, til grensa mot Södertälje i vest. Innsjøen har namnet sitt fordi det tidlegare var oter (svensk utter) i innsjøen. Det er ikkje lengre oter i innsjøen, men det lever mink i den austlege delen av Uttran.

Ved nordbreidda ligg badestaden Möllebadet.

Geografi Utløpet kjem opphavleg frå innsjøane Flaten og Glasbergasjön. Innløpa frå Glasbergasjön ligg helt vest i Uttran, og utløpet til Tumbaån ligg i aust.

Det er fleire buområde i nærleiken av Uttran: Rönninge, Flaten og Uttran, der sistnemnde ligg ved sørvestbreidda. Busetnadane rundt innsjøen har ingen direkte påverknad på miljøet i innsjøen, og dei fleste bygningane i området tettest rundt innsjøen er fritidsbustader.

Miljø Uttran er særs næringsrik og overgjødsla, til dels på grunn av tilrenning frå Glasbergasjön, som er særs næringsrik, men òg på grunn av den vestlege litoralen, som ligg mot åkerlandskap.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Uttran (innsjø)» frå , den 16. juni 2012. oppgav desse kjeldene: Uttran Miljödatabasen

Kategori:Innsjøar i Södermanland