Red er det sjuande studioalbumet til progrockgruppa King Crimson, utgjeve 6. oktober 1974. Det var det siste studioalbumet deira i 1970-åra før bandleiar Robert Fripp la ned gruppa for ei stund.
Tittelsporet vart rangert på 87. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.Rolling Stone – The 100 Greatest Gitar Songs of All Time. Henta 14. juni 2012 "‘I'm not a blues gitarist’, Robert Fripp said in 1995, 'but I think I've met the spirit of the blues several times.' This is one of them: blunt-instrument funk in which Fripp, leading a power-trio Crimson, jars the mathematical cadence of his riffing with a wrecking-ball swing and rude pig-squeal harmonics."
Produksjon David Cross forlet King Crimson i 1974 og gruppa vart redusert til ein trio med Robert Fripp, John Wetton og Bill Bruford. Trioen spelte inn Red med hjelp av Cross og dei tidlegare bandmedlemmane Ian McDonald og Mel Collins. Fripp la ned King Crimson den 24. september 1974 og albumet kom ut seinare det året utan påfølgjande turné.
Sjølv om albumet musikalsk hadde likskapar til føregangaren Starless and Bible Black, vart Red produsert på ein heilt annan måte enn tidlegare King Crimson-album. Til dømes, medan akustisk gitar er eit dominerande instrument på det førre albumet, kan ein på Red berre høyre det i nokre få takter på «Fallen Angel». I motsetnad til tidlegare King Crimson-album nytta bandet fleire spor med gitar på Red. Seinare album mangla akustisk gitar fullstendig og nytta minimalt med ekstra gitarspor, sjølv om bandet seinare hadde to gitaristar.
Albumet opnar med tittelsporet, ein drivande hardrock-instrumental. Stykket skifta takt fleire gonger og har mellom anna 5/8, 7/8 og 4/4. Han har òg ein seksjon med cello.
Det fjerde sporet på albumet, «Providence», er eit konsertopptak frå Palace Theatre i Providence i USA, den 30. juni 1974. Charles Snider referer til stykket som ein «svanesong», og skriv at «'Providence' pakkar nesten alt improvisasjonstilknytt frå dei siste to albuma inn i desse åtte minutta.» Ein lengre, uavkorta versjon av stykket finst på konsertalbumet The Great Deceiver.
Teksten og melodien for «Starless» vart skriven av John Wetton. Songen var opphavleg meint som tittelsporet for det førre albumet deira, Starless and Bible Black. Fripp og Bruford mislikte i starten songen og ville ikkje ha han med på albumet. I staden valde gruppa eit instrumentalt stykke som tittelspor for Starless and Bible Black. «Starless» vart likevel henta fram att seinare, med endra tekst og ein lang instrumental del (basert på eit bassriff som Bruford kom med). Stykket vart framført på konsertar mellom mars og juni 1974. For innspelinga av Red vart teksten igjen endra (med bidrag frå Richard Palmer-James). Det stemningsskapande temaet i introduksjonen, som hovudsakleg kom frå og vart spelt av David Cross, vart teken over av gitar, og Fripp gjorde små endringar i melodien. Sidan tittelen «Starless and Bible Black» alt var nytta, fekk dette stykket tittelen «Starless».
Mottaking Plata låg ei veke på den britiske albumlista, på ein 45. plass, medan alle dei førre studioalbuma til bandet hadde nådd Topp 30. I USA nådde albumet 66. plass på Billboard 200. Albumet har derimot vorte verande populært hos både kritikarar og tilhengjarar.
Platemeldingar som har kome i ettertid har vore nesten utelukkande positive. Allmusic meiner Red var svakare enn dei to førre albuma, men likevel eit overlegent stykke arbeid. Robert Christgau hylla òg albumet og kalla det «Storslått, mektig, skrikande og overraskande lyrisk» og sa vidare at «Dette gjer for klassisk-rock-blandinga det John McLaughlin sitt Devotion gjorde for jazz-rock-blandinga»
Ettermæle I 2001 kåra magasinet Q Red til eit av dei «50 tyngste albuma gjennom tidene»,50 Heaviest Albums of All Time og Kurt Cobain har omtalt albumet som ei stor inspirasjonekjelde.Interview with Robert FrippInterview with Bill Bruford (in italian) Musikkforskarane Eric Tamm og Edward Macan reknar begge Red, og særleg sporet «Starless», for å vere høgdepunktet av det King Crimson har gjeve ut.
Pitchfork rangerte Red på 72. plassen på lista si over dei 100 beste albuma i 1970-åra og skreiv «For eit band som heilt opplagt var på veg til oppløysing, høyrest lyden til King Crimson merkverdig samstemt ut. På Red oppnådde ein merkverdig ballanse mellom beinknusande brutalitet og intellektuell kompleksitet.»Pitchfork – Top 100 Albums of the 1970s. Henta 20. oktober 2019.
Innhald
40-årsjubileumsutgåva frå 2009
Dobbelutåve frå 2013
Medverkande Robert Fripp – gitar, Mellotron John Wetton – bass, vokal Bill Bruford – trommer, perkusjon
Andre medverkande David Cross – fiolin på «Providence» Mel Collins – sopransaksofon på «Starless» Ian McDonald – altsaksofon på «One More Red Nightmare» og «Starless» Mark Charig – kornett på «Fallen Angel», Robin Miller – obo på «Fallen Angel» Ikkje oppført – cello på «Red» Ikkje oppført– cello på «Starless»
Teknisk George Chkiantz – innspeling, lydteknikar Rod Thear – innspeling, assisterande lydteknikar Chris, Tex, Harvey og Peter Walmsley – utstyr John Kosh – design Gered Mankowitz – fotografi
Salslister Liste (1974) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Red (King Crimson album)» frå , den 13. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar Analyse av albumet
Kategori:King Crimson-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Island Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:E.G. Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album spelte inn i Olympic Sound Studios