mini|Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Astronautbilete 2011. mini|Williams Point, oppdaga 19. februar 1819 mini|Norsk kvalfangarbåt ved Half Moon Island mini|Ongal Peak i Tangra Mountains Sør-Shetlandsøyane er ei antarktisk øygruppe som ligg kring 120 km nord for Den antarktiske halvøya, med eit samla areal på 3687 km². I følgje Antarktistraktaten frå 1959 er statsvelde over øyane verken anerkjent eller motstridd av medlemslanda av avtalen, og dei kan berre nyttast til fredelege føremål.

Storbritannia har gjort krav på øyane sidan 1908 og dei har vore ein del av Britisk Antarktis sidan 1962. Dei er òg gjort krav på av Chile (sidan 1940, som ein del av Chilensk Antarktis) og av Argentina (sidan 1943, som ein del av Argentinsk Antarktis og provinsen Eldlandet).

Fleire land har forskingsstasjonar på øyane. Dei fleste av dei ligg på King George Island, der det ligg ein chilensk flyplass ved basen Eduardo Frei.

Det er i dag seksten forskingsstasjonar på øyane. Forskinga er ofte samarbeid mellom forskjellige nasjonar og den chilensk-amerikanske Shirreff Base er eit døme på dette.

Historie

Nederlendaren Dirck Gerritsz i 1599 eller spanjolen Gabriel de Castilla i 1603 skal visstnok ha segla sør for Drakesundet til Sør-Shetlandsøyane, men dette har aldri vore stadfesta. I 1818 fekk Juan Pedro de Aguirre løyve av styresmaktene i Buenos Aires til å opprette ei verksemd for selfangst på «nokre folketomme øyar nær Sørpolen».Historia Antártica

Kaptein William Smith på den britiske briggen «Williams» skulle segle til Valparaiso i Chile i 1819 då han kom for langt sør for ruta si rundt Kapp Horn, og 19. februar oppdaga han Williams Point, det nordlegaste punktet på Livingston Island. Livingston Island vart derfor det første landområde ein med tryggleik kan sei vart oppdaga sør for 60 ºS. Smith vitja igjen Sør-Shetlandsøyane og gjekk i land på King George Island den 16. oktober 1819, og gjorde krav på øyane for Storbritannia.

Samstundes forliste det spanske marinefartøyet «San Telmo» i september 1819 då det prøvde å passere Drakesundet. Delar av det som visstnok skulle vere vraket av skipet vart funnen månader seinare av selfangarar på nordkysten av Livingston Island.

Frå desember 1819 til januar 1820 vart øyane kartlagd av løytnant Edward Bransfield ombord på «Williams».

Alt den 15. november 1819 informerte den amerikanske agenten i Valparaíso, Jeremy Robinson, den amerikanske ministeren John Quincy Adams om oppdaginga til Smith, og eit amerikansk skip vart sendt for å utforske øyane.

Oppdaginga av øyane trekte til seg britiske og amerikanske selfangarar. Det første selfangarskipet som opererte i området var briggen «Espirito Santo» som britiske handelsfolk leigde i Buenos Aires. Skipet nådde fram til Rugged Island utanfor Livingston Island, der det britiske mannskapet gjekk i land juledag i 1819, og gjorde krav på øyane for kong Georg III. Den amerikanske briggen «Hersilia» følgde tett etter «Espirito Santo» frå Falklandsøyane, kommandert av kaptein James Sheffield (med førstestyrmann Nathaniel Palmer), den første amerikanske selfangaren på Sør-Shetlandsøyane.

Den første overvintringa i Antarktis fann stad på Sør-Shetlandsøyane, då elleve britiske menn på skipet «Lord Melville» ikkje klarte å kome seg unna i tide mot slutten av sommaren 1820-1821. Dei klarte å overleve vinteren på King George Island og vart redda utpå våren.

Den russiske antarktiskekspedisjonen leia av Fabian von Bellingshausen og Mikhail Lazarev segla kring Antarktis og nådde fram til Sør-Shetlandsøyane i januar 1821. Russarane kartla øyane og gav dei namn, og gjekk i land på både King George Island og Elephant Island. Medan dei segla mellom Deception Island og Livingston Island, vart Bellingshausen vitja av Nathaniel Palmer, kaptein på den amerikanske briggen «Hero», som informerte han om aktivitetane til dusinvis av amerikanske og britiske skip i området.

Namnet «New South Britain» vart nytta ei kort stund, men det vart snart endra til Sør-Shetlandsøyane (kalla opp etter Shetlandsøyane nord for Skottland). Namnet Sør-Shetlandsøyane, eller South Shetland Islands, er i dag det internasjonale anerkjente namnet på øyane. Begge øygruppene ligg om lag like nær kvar sin pol, men Sør-Shetlandsøyane har langt harde klima.

Det vart drive selfangst og kvalfangst kring øyane på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Frå 1908 vart øyane underlagt Falklandsøyane Dependency men har berre vore nytta for vitskaplege føremål etter 1944. Øygruppa, i lag med Den antarktiske halvøya og Sør-Georgia i nærleiken, er eit stadig meir populært turistmål om sommaren.

Geografi

Øyane ligg i området 61° 00'–63° 37' S, 53° 83'–62° 83' W. Øyane ligg 940 km sør for Falklandsøyane, og mellom 93 km (Deception Island) og 269 km (Clarence Island) nordvest og og nord for det næraste punktet på det antarktiske kontinentet, Graham Land.

Sør-Shetlandsøyane består av 11 store øyar og fleire mindre øyar som i alt dekkjer 3687 km². Mellom 80 og 90 prosent av landområdet er permanent dekt av isbrear. Det høgaste punktet i øygruppa er Mount Irving på Clarence Island med 2300 meter over havet.

Sør-Shetlandsøyane strekkjer seg 450 km frå Smith Island og Snow Island i vest-sørvest til Elephant Island og Clarence Island i aust-nordaust.L. Ivanov and N. Ivanova. The World of Antarctica. Generis Publishing, 2022. s. 23

Klima Øyane er kring like langt frå ekvator som Færøyane i Nord-Atlanteren, men fordi dei ligg nær Antarktis har dei langt kaldare klima. Havområdet kring øyane er dekt av is frå tidleg i april til tidleg i desember og den månadlege middeltemperaturen er under 0 °C åtte månader av året (april til november).

Isbreane på øyane har vore i tilbaketrekking dei siste åra, men likevel er meir enn 80 % av øyane dekte av snø og is gjennom heile sommaren.

Vêret er som regel skya og fuktig året rundt med ein sterk vestavind. Dei mest solrike periodane er ofte knytt til periodar med særs kaldt vêr seint på vinteren og våren. Middeltemperaturen på sommaren er berre kring 1,5 °C og om vinteren kring -5 °C. Påverknaden frå havet gjer at temperaturane varierer forholdsvis lite gjennom året.GHCN Climate data, GISS data publications, period 1978-2007

Øyar Frå nord til sør er dei største øyane i Sør-Shetlandsøyane: Cornwallis Island (mindre) Elefantøya (Mordvinova i Russland) Clarence Island (Sjishkova i Russland) Rowett Island (mindre) Gibbs Island (mindre) Eadie Island (mindre) King George Island (den største, kalla 25. mai-øya i Argentina, og Vaterloo i Russland) Bridgeman Island (mindre) Penguin Island (mindre - ei av fleire Pingvinøyar i Antarktis) Nelson Island (Leipzig i Russland) Robert Island (Polotsk i Russland) Aitcho Islands (mindre) Greenwich Island (Berezina i Russland) mini|Varmt vulkansk bad i Port Foster, Deception Island Half Moon Island (mindre) Desolation Island (mindre) Livingston Island (den nest største, Smolensk i Russland) Rugged Island (mindre) Snow Island (Malyj Jaroslavets i Russland) Smith Island (Borodino i Russland) Deception Island (Tejlja i Russland) Low Island Seal Island (mindre)

Dei russiske namna over er historiske og ikkje lenger i offisielt bruk i Russland.

Dyre- og planteliv Trass i det harde klimaet er det vegetasjon på øyane og dei høyrer til økoregionen Scotiahavet øytundra i lag med Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, Sør-Orknøyane og Bouvetøya. All desse øyane ligg i det kalde havet sør for Den antarktiske konvergensen. Områda har tundravegetasjon som består av mosar, lav og algar. I farvatna kring øyane lever sjøfugl, pingvinar og sel.

Insektet Parochlus steinenii er det einaste flygande insektet som lever så langt sør.Records of Parochlus steinenii in the Maritime Antarctic and sub-Antarctic regions

Forskingsstasjonar mini|St. Kliment Ohridski mini|Bellingshausen-basen (Russland) på King George Island Fleire nasjonar har forskingsstasjonar på øyane: - Jubany (sidan 1953, året rundt) - Base Decepción (sidan 1948, berre sommar) - St. Kliment Ohridski (sidan 1988, berre sommar) - Comandante Ferraz-basen (sidan 1984, året rundt) - Presidente Eduardo Frei-basen (sidan 1969, året rundt) - Professor Julio Escudero-basen (sidan 1994, året rundt) - Captain Arturo Prat-basen (sidan 1947, året rundt) Chile/USA - Shirreff Base (sidan 1990, berre sommar) - Chang Cheng/Great Wall (sidan 1985, året rundt) - Pedro Vicente Maldonado-basen (sidan 1990, berre sommar) - Juan Carlos I-basen (sidan 1988, berre sommar) - Gabriel de Castilla-basen (sidan 1989, berre sommar) - King Sejong-stasjonen (sidan 1988, året rundt) - Machu Picchu forskingsstasjon (sidan 1989, berre sommar) - Henryk Arctowski-basen (sidan 1977, året rundt) - Bellingshausen-stasjonen (sidan 1968, året rundt) - Artigas-basen (sidan 1984, året rundt)

Feltleiarar - Camp Livingston - Camp Academia - Camp Byers

Sjå òg Britisk Antarktis Deception Island Greenwich Island King George Island Antarktiske og subantarktiske øyar Livingston Island Sherratt Bay

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «South Shetland Islands» frå , den 16. oktober 2012. oppgav desse kjeldene: A. G. E. Jones, Captain William Smith and the Discovery of New South Shetland, Geographical Journal, vol. 141, no. 3 (November 1975), s. 445–461. Alan Gurney, Below the Convergence: Voyages Toward Antarktis, 1699-1839, Pingvin Books, New York, 1998. R. J. Campbell ed., The Discovery of the Sør-Shetlandsøyane: The Voyage of the Brig Williams 1819-1820 and the Journal of Midshipman C. W. Poynter, the Hakluyt Society, London, 2000. Capt. Hernán Ferrer Fougá, El hito austral del confín de América. El cabo de Hornos. (Siglo XIX, 1800-1855.) (Segunda parte.). Revista de Marina, Valparaíso, 2004, n° 1. General Survey of Climatology V12, Landsberg red. (1984), Elsevier.

Bakgrunnsstoff

Kart over Sør-Shetlandsøyane

Kategori:Øygrupper i Sørishavet Kategori:Utvalde artiklar 2025