Made in Europe er eit konsertalbum av Deep Purple, spelt inn dei siste dagane i 1975 der Ritchie Blackmore var medlem av Deep Purple. Albumet kom ut i 1976 etter at gruppa var oppløyst.

Made in Europe inneheld songar spelte inn 4. april i Graz i Austerrike, 5. april i Saarbrücken i Tyskland og 7. april 1975 i Paris i Frankrike med Rolling Stones Mobile Studio. I følgje teksten i plateomslaget til Mk III: The Final Concerts, var dei fleste songane på albumet spelte inn i Saarbrücken. I tillegg skal denne framførigna ha vorte mykje redigert i studio og/eller overdubba med publikumsstøy og applaus. Ein kan høyre at det vert nytta eit band med applaus på grunn av ein plystrande tilhengjar.

Songane på albumet er henta frå Deep Purple sine Burn og Stormbringer.

I 1990 vart albumet remastra og gjeven ut på ny i USA av Metal Blade Records med distribusjon av Warner Bros. Albumet kom ut på ny på Friday Music label i 2007.

Innhald

Medverkande Ritchie Blackmore - gitar David Coverdale - vokal Glenn Hughes - bass og vokal Jon Lord - Hammondorgel og tangentinstrument Ian Paice - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Made in Europe» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:album produserte av Martin Birch Kategori:Konsertalbum frå 1976 Kategori:Deep Purple-konsertalbum Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:EMI Records-album