Historia til landet som i dag heiter Myanmar dekker òg område som no ligg i naboland, som Bangladesh, India, Kina, Laos og Thailand.

Eldre historie Monfolket mini|200px|Shwedagon-pagoden i Rangoon blei truleg påbyrja av monfolket ein gong mellom 500- og 900-talet.

Det har budd menneske i det som no blir rekna som Myanmar så tidleg som for 11 000 år sidan, men den første sivilisasjonen ein veit om er monfolket. Dei migrerte truleg til området rundt år 3000 f. Kr, og det første kongedømet deira, Suwarnabhumi, voks fram kring Thaton rundt 300 f. Kr. Munnlege historieoverføringar tyder på at dei støtte på buddhismen gjennom oversjøisk kontakt omtrent 100 år før, og seinast rundt 300 f. Kr, då dei møtte ei utsending av misjonerande munkar frå Asjoka. Mykje av dei skriftlege nedteikningane deira er vorte øydelagde av krigar. Mon-kulturen blei etter kvart sterkt påverka av indisk kultur. I løpet av 800-talet kom denne blandinga til å dominere heile det sørlege Myanmar.

Pyufolket Pyuane kom til Myanmar i løpet av det første hundreåret før Kristus, og grunnla «by-kongerike» i Binnaka, Mongamo, Sri Ksetra, Peikthanomyo og Halingyi. I denne perioden låg Myanmar på handelsruta mellom Kina og India. Kinesiske kjelder stadfester at pyuane styrte 18 kongedømme, og omtaler dei som eit humant og fredeleg folk. Krig var praktisk tala ukjend for pyuane, usemje vart ofte løyst ved duellar eller byggjetevlingar. Dei gjekk til og med med mjuk bomull i staden for silke for å sleppe å drepe silkeormane. Kriminalitet vart straffa med piskeslag og fengsel fanst ikkje, men alvorlege brotsverk kunne gje daudsstraff. Pyuane praktiserte theravadabuddhisme, og alle barn virka som noviser frå dei var sju til dei var 20 år gamle.

Bystatane slo seg aldri saman til eitt kongerike, men dei mektigaste byane dominerte og kravde bistand eller gåver frå dei mindre. Den klart mektigaste byen var Sri Ksetra, arkeologiske funn tydar på at dette er den største byen Burma har sett nokon gong. Det er usikkert når han vart grunnlagt, men krøniker seier noko om eit maktskifte rundt år 94 e. Kr, så det var før det. Byen vart etter det ein fortel forlate rundt år 656 til fordel for ein ukjend by lenger nord. Denne byen mista makta på midten av 800-talet, då kongedømmet Nanzhao overtok regionen og gjorde slutt på maktdagane for pyuane.

Kongedømmet Pagan I nord var nok ei folkegruppe, burmanarane, på ferd inn i området. Før 849 hadde dei danna eit mektig kongedømme med sentrum i byen Pagan, og fylte tomrommet etter dei falne pyuane. Det her kongedømmet voks i relativ isolasjon fram til kong Anawrahta sin regjeringsperiode (1044-1077). Han lukkast i å samle heile Myanmar ved å overvinne monhovudstaden Thaton i 1057. Samlinga fortsette under etterfølgjarane hans, Kyanzittha (1084-1112) og Alaungsithu (1112-1167), og på midten av 1100-talet var mesteparten av Søraust-Asia anten under kongedømmet Pagan eller under Khmerriket. Pagan gjekk gradvis under etter kvart som meir land og ressursar kom i hendene på det mektige sanghaen (munkeskapen), og mongolarane trua i nord. Den siste herskaren i Pagan, Narathihapate (1254-87), stolte på evna si til å stå imot mongolarane, og rykte inn i Yunnan i 1277 for å erklære krig mot dei. Han vart ettertrykkeleg knust og motstanden i Pagan braut saman. Kongen vart avretta av sin eigen son i 1287, og dette førte til mongolsk siger i slaget om Pagan; mongolarane lukkast i å erobre mesteparten av kongeriket, inkludert hovudstaden, og gjorde ende på dynastiet i 1289 då dei innsette ein mongolsklojal herskar i Myanmar.

Ava og Pegu Etter at Paganriket braut saman vart Myanmar igjen delt. Burmanarane hadde reetablert seg i byen Inwa rundt 1364, der pagansk kultur vart gjenoppliva. Ei glanstid for burmesisk litteratur fylgde. Men kongedømmet hadde grenser som var vanskelege å forsvare, og riket vart overvunne av shan-folket i 1527.

I sør etablerte monfolket seg igjen i byen Pegu, og under kongen deira, Dhammazedi (regjerte 1427-1492) gjekk også dette riket inn i ein gullalder og vart eit viktig sentrum for handel og theravadabuddhisme.

Toungoodynastiet Overlevande etter øydelegginga av Ava danna etter kvart eit nytt kongerike med sentrum i Toungoo som i 1531 var leia av Tabinshwehti (regjerte 1531-50). Nok ein gong var mesteparten av Myanmar samla. No hadde den geopolitiske situasjonen i Søraust-Asia endra seg drastisk. Shanfolket hadde aukande makt i eit nytt kongerike i nord, kalla Ayutthaya (seinare Siam), medan portugisarane hadde kome i sør og erobra Malacca. Europearane handla, og nok ein gong var Myanmar eit viktig handelssentrum. Tabinshwehti flytta hovudstaden til Pegu for å få utbytte av handelsfordelane.

Svigerbroren hans Bayinnaung (regjerte 1551-81) overtok trona etter han og fortsette rekka av erobringar med fleire statar, mellom anna Manipur (1560) og heile Ayutthaya (1569). Men desse krigane tyna Myanmar for ressursar og begge dei ovannemnde statane braut fri etter relativt kort tid. Konfrontert med opprør i mange byar og militære framstøyt frå portugisisk hald, trekte herskarane av Toungoo seg vekk frå det sørlege Myanmar og grunnla eit nytt dynasti ved Ava. Barnebarnet til Bayinnaung, Anaukpetlun, samla nok ein gong Myanmar i 1613, og følgjeleg overvann han portugisarane som prøvde å ta over Myanmar. Etterfølgjaren hans, Thalun, gjeninnførte dei gamle prinsippa frå Pagan, men konsentrerte seg for mykje om religiøse investeringar og brydde seg for lite som kva som gjekk føre seg i sør. Oppmuntra av franskmenna i India gjorde Pegu til sist opprør mot Ava, og det førte til at staten vart svekka og til sist fall i 1752.

Konbaungdynastiet mini|Den ufullførte stupaen ved Mingun blei påbyrja, men aldri fullført, under kong Bodawpaya. Det gjekk ikkje lang tid før eit nytt dynasti, konbaungdynastiet, reiste seg og leia Myanmar til sitt mektigaste så langt. Ein populær burmesisk leiar, Alaungpaya, dreiv styrkane frå Pegu ut av nordområda i løpet av 1753, og i 1759 hadde han nok ein gong erobra Pegu og det sørlege Myanmar, i tillegg til Manipur. Han la hovudstaden til Rangoon. I 1760 fekk han mellombels kontroll over Tenasserim og marsjerte mot Ayutthaya, men denne invasjonen var mislukka, og han døydde i forsøket. Sonen has, Hsinbyushin (regjerte 1763-76) kom tilbake til Ayutthaya (seinare Thailand) i 1766 og overvann det i løpet av eitt år. Til og med Kina merkte seg no ved Myanmar men Hsinbyushin lukkast i å halde unna fire kinesiske invasjonasforsøk mellom 1766 og 1769. Ein annan son av Alaungpaya, Bodawpaya (regjerte 1781-1819), tapte Ayutthaya, men innlemma Arkan (1784) og Tenasserim (1793) i kongedømmet. I januar 1824, under kong Bagyidaw (regjerte 1819-37) klarte ein general med namnet Maha Bandula å erobre Assam, og sette med dette Myanmar i kontakt med britiske interesser i India.

Nyare historie Krig med Storbritannia - Myanmar fell Som respons på den stadige utvidinga og til og med direkte angrep frå burmesisk side, gjekk britiske og siamesiske styrkar saman i 1824. Den første anglo-burmesiske krigen (1824-26) enda med britisk siger, og i fredsavtala i Yandaboo mista Myanmar Assam, Manipur, Arakan, og Tenasserim.

Utover hundreåret byrja britane å sikle på naturressursane i Myanmar, og ønskte også å sikre forsyningsruta til Singapore. Den hemnlystne burmesiske kongen braut med fredsavtala og tillét vald mot britiske skip og mannskap, noko som førte til den andre anglo-burmesiske krigen i 1852 som enda med at britane overtok Pegu og døypte det om til Lower Burma. Dette førte til revolusjon i Myanmar, der kong Pagin Min vart erstatta av halvbroren sin Mindon Min (regjerte 1853-78). Kong Mindon prøvde å modernisere stat og økonomi for å kunne stå imot den gradvise britiske overtakinga, og han flytta hovudstaden til Mandalay, som han sette mykje inn på å styrke. Men dette var ikkje tilstrekkeleg til å stogge britane, som påstod at sonen til Mindon, Thibaw Min (regjerte 1878–85) var ein tyrann som hadde til hensikt å alliere seg med franskmennene, at han hadde mista kontrollen i landet - dette skapte uvisse ved frontlinjene - og at han gjekk tilbake på ein fredsavtale som faren hans hadde signert. Deretter erklærte dei krig nok ein gong i 1885 og erobra dei resterande områda av landet i den tredje anglo-burmesiske krigen.

Britisk styre Frå 1886 styrte Storbritannia Myanmar som ein indisk provins med hovudsete i Rangoon. Det tradisjonelle burmesiske samfunnet vart drastisk endra då kongedømmet tok slutt og kyrkja vart skild frå staten. Sjølv om den tredje anglo-burmesiske krigen offisielt var slutt i løpet av eit par veker, fortsette motstanden i nordområda fram til 1890 då britane til slutt gjekk inn for ei systematisk øydelegging av landsbyar og peikte ut nye lokalleiarar for å få ein endeleg slutt på all geriljaverksemd.

Økonomistrukturen endra seg også drastisk. Etter opninga av Suezkanalen auka etterspurnaden etter burmesisk ris raskt, og store delar av landet vart lagt ope for kultivering. Men for å få råd til å gjennomføre kultiveringsprosessen, vart mange gardbrukarar tvinga til å låne pengar frå indiske utlånarar til høg rente, og dei vart ofte drivne frå gard og grunn av di dei ikkje makta å betale tilbake lånet. Importerte indiske arbeidarar fekk etter kvart dei fleste jobbane, og heile byar vart lovlause hol fulle av arbeidslause burmesarar. Sjølv om økonomien voks, var det britiske handelsselskap som sat med makta, og det burmesiske folket fekk ikkje hauste av fruktene. George Orwell sin roman Burmese Days er ei oppdikta, men realistisk skildring av britane si framferd i Burma.

Ein ny generasjon burmesiske leiarar voks fram tidleg på 1900-talet i dei laga av folket som fekk høve til å reise til London og studere. Dei kom ofte heim med ei oppfatning av at det var mogleg å endre situasjonen i Myanmar til det betre gjennom fredelege protestar og forhandlingar. Ei rekkje fredelege streikar i 1920-åra førte til ein grunnlovsreform i 1923, og ei eiga lovgjevande forsamling med avgrensa fridom vart danna.

Men mange meinte at endringane ikkje skjedde raskt nok og at dei var for lite omfattande. Nokre av desse misnøgde studentane danna ei gruppe kalla Thakin (eit ironisk namn av di «thakin» tydar «meister» på burmesisk, som var det studentane var pålagde å kalle dei britiske professorane som dei etter kvart kom til å forakte). I 1930 starta eit opprør bland bønder og fattige, leia av Saya San. Opprøret varte i to år, og Thakin nytta høvet til å vinne tillita til dei fattige, sjølv om dei ikkje deltok aktivt i opprøret sjølv. Dei tvinga den eldre, «londoninspirerte» generasjonen vekk frå topposisjonane i den burmesiske nasjonalistrørsla.

Ein storstreik i 1936 som indirekte førte til at Myanmar året etter vart lausrive frå India, er første gongen vi ser dei viktige nasjonalistane Aung San og Thakin Nu i organisasjonen Thakin. I 1937 fekk Myanmar innvilga ei ny grunnlov, som sikra at heile styret var folkevald, men mange burmesarar meinte at denne nye ordninga berre tente til å hindre burmesarane i å ta del i gode som India fekk nyte godt av. Ba Maw vart den første burmesiske presidenten, men han vart tvunge ut av posisjon av U Saw i 1939, som var president 1940-42.

Andre verdskrigen Dei burmesiske nasjonalistane såg utbrotet av andre verdskrigen som ei moglegheit til å tyne britane for økonomiske kompensasjonar som takk for militær støtte. Men britane godtok ikkje dette, og gav ordre om å arrestere Aung San, som på denne tida var leiar for Thakin. Aung San flykta til Kina, der han oppsøkte eller vart oppsøkt av (her er historikarar usamde) japanarane og gjekk i allianse med dei. Til disposisjon stilte han den militante organisasjonen «Thirty Comrades», som han saman med eit knippe andre nasjonalistar (mellom andre seinare president og general Ne Win) stod i spissen for. Til gjengjeld skulla Japan ta Burma av britiske hender og gjere dei sjølvstendige.