The Other Side of Life er det tolvte albumet til det engelske rockebandet The Moody Blues, gjeve ut i 1986 på Polydor Records. Det inneheld den store hitten «Your Wildest Dreams» som nådde Topp 10-lista i USA.

Produksjon Det var det tredje albumet bandet gav ut med Patrick Moraz på tangentar, og det første der fløytist og vokalist Ray Thomas ikkje spelte ei stor rolle. Mange av songane var skrivne av vokalisten og gitaristen Justin Hayward og bassisten John Lodge, og berre ein song, «The Spirit», var skriven av Moraz og trommeslagaren Graeme Edge. Musikken på albumet var dominert av synthesizer, sekvensar og trommemaskinar og albumet kan skildrast som eit «synthpop»-album, ei overraskande stilmessig endring for eit band som var pionerar innan symfonisk rock.

Albumet vart spelt inn i Good Earth Studios i London og produsert av Tony Visconti.

Albumet inneheld songen «Rock 'N' Roll over You» som vart nytta i ein scene i The Karate Kid part 2.

Mottaking Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at albumet i stor grad «spelar på the Moodys sine mangeårige musikalske styrkar: frodige, symfoniske teksturar; rike og majestetiske melodiar og tette vokalarrangement» og hylla bandet for å unngå pompøse tekstar, som han meinte berre prega «The Spirit».

Innhald

Medverkande Justin Hayward – gitarar, vokal John Lodge – bassgitar, vokal Patrick Moraz – tangentinstrument Graeme Edge – trommer, perkusjon Ray Thomas – korvokal

Teknisk Tony Visconti – produsent, lydteknikar Alwyn Clayden – kunstnarisk leiar, design Bruce Gill – design Michael Hoppen – fotografi Karl Lloyd – illustrasjon

Salslister Liste (1986) Plassering

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Other Side of Life» frå , den 11. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Album produserte av Tony Visconti