Elias Paulson Faleide () var ein norsk fylkesagronom, ordførar og stortingsrepresentant for Venstre.
Liv og virke Elias Faleide vart fødd på garden Riise i Stryn kommune i 1879. Han var son til kommandersersjant Paul Hansen Faleide og Kristi Eliasdotter Riise (Tonning). Han er uteksaminert frå Landbrukshøgskolen i 1905, og vart i 1912 fylkesagronom for Nordfjord. Han busette seg på Sandane. Frå 1938 var Faleide husdyragronom for heile fylket. Han sat som leiar for Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag i over 30 år, frå 1926 til 1959.
Ordførar Faleide var ordførar i Gloppen kommune i tre bolkar, 1919–1922, 1928–1941 og 1945–1947. Han var og fleire gonger formann i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Faleide var stortingsrepresentant for Venstre frå 1919-1921, og 1922-24.
Han var aktiv i arbeidet med stiftinga av kraftselskapet Firdakraft, og medverka og til utbygging av den første store kraftstasjonen i Øksenelvane, tidleg på 1950-talet. Han var styreformann i Firda Billag i mange år.
Utmerkingar Kongens fortjenstmedalje i gull i 1949. Sogn og Fjordane Landbruksselskaps medalje i gull.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elias Faleide» frå , den 10. mai 2012.
Wikipedia på bokmål oppgir desse kjeldene:
NRKs Fylkesleksikon
Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Stryn Kategori:Ordførarar i Gloppen Kategori:Venstreordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane