Hurghada (arabisk الغردقة, El Ġardaqa) er ein by i Egypt. Byen ligg på vestkysten av Raudehavet og er hovudstaden i guvernementet Al-Bahr al-Ahmar. Hurghada lever hovudsakleg av turisme.
Næringsliv
Dei store turistattraksjonane i byen er strendene langs Raudehavet og korallreva. Her finst også gode høve til snorkling og dykking. Ikkje langt frå Hurghada-kysten ligg det fleire koralløyar. Nord, aust og sør for byen er det hovudsakleg ørken, og byen har då også eit varmt ørkenklima.
I Hurghada finst det i dag ei rekkje hotell, og hotella eig størsteparten av strendene langs kysten. I tillegg finst her kjøpesenter, basargater og internasjonal flyplass. Byen har vegsamband nordover mot Kairo og Suez og sørover mot grensa til Sudan. Ferjesamband mellom Hurghada og Sharm el-Sheikh,Touregypt.net om egyptiske ferjesamband samt mellom Hurghada og Sinaihalvøya.
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Byar i Egypt Kategori:Hamnebyar i Egypt Kategori:Hamnebyar ved Raudehavet