mini|Dazhou (gul) i Sichuan Dazhou (forenkla kinesisk: 达州; tradisjonell kinesisk: 達州; pinyin: Dázhōu) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord og mot Chongqing i aust. Byprefekturet har eit areal på 16 591 km², folketalet vart i 2007 berekna til 6,63 millionar.

Byprefekturet Dazhou omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Næring Dazhou har store gassfelt og mineral-ressursar som salt, kol, mangan, litium og kalkstein. Viktigaste varene frå landbruket er flesk, storfekjøt og te. Kjemisk produksjon, kolkraft, metallurgi, tekstilindustri, byggematerialar er andre viktige næringsgreiner.

Samferdsle Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing, Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dazhou» frå , den 9. april 2012.

Denne artikkelen bygger på «Dazhou» frå , den 9. april 2012.

Kategori:Sichuan Kategori:Byprefektur i Sichuan