Eswatini eller eSwatini, tidlegare Swaziland, er eit kongedøme i det sørlege Afrika. Staten er ein av dei minste i Afrika, og ligg mellom Sør-Afrika og Mosambik på austsida av fjellkjeda Drakensberg. Eswatini var britisk koloni frå 1906 til 1968.
Namn Namnet er kalla opp etter bantufolket swazi. Landet endra namn i 2018 frå Swaziland til Eswatini.
Administrativ inndeling Eswatini er inndelt i fire provinsar: Hhohho, Lubombo, Manzini og Shiselweni.
Fakta mini|venstre|Kart over Eswatini.
Lågaste punkt: Elva Great Usutu, 21 moh. Naturressursar: Asbest, kol, vasskraft, skog, små mengder med gull og diamantar Folks gjennomsnittsalder: 18,5 år (2002) Folks middellivslengde: 39,5 år (2003) Spedbarnsdøydelegheit: 6,7 % (2003) Etniske grupper: afrikanarar 97 %, europearar 3 % Religion: zionistar (ei blandning av kristendom og dyrking av forfedrar) 40 %, katolikkar 20 %, muslimar 10 %, andre 30 % Analfabetisme: I 2003 var om lag 20 % av folkesetnaden over 15 år analfabete
Klima Fjella i landet gjev store skilnader i temperatur og nedbør. I dei høgareliggande områda mot vest er vinteren tørr og mild, og nettene vert ofte kalde. Sommaren er varm med litt meir nedbør, men temperaturane vert sjeldan veldig høg. Mbabane har ein årleg nedbørsnormal på 1401 mm. Landet heller mot aust, og grenseområda mot Mosambik er lågland med nesten tropisk klima. Sommaren her er varm og fuktig.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Land i Afrika Kategori:Kystlause land Kategori:AU-land