mini|Ytterby gruve Ytterby gruve ligg på Resarö i Vaxholm kommune utanfor Stockholm i Sverige. På slutten av 1700-talet vart det funne ei rekkje uvanlege og ukjende mineral i steinar frå gruva, og i desse minerala oppdaga forskarane ikkje mindre enn sju grunnstoff:
Erbium Terbium Ytterbium Yttrium Scandium Holmium Thulium
Sverige generelt, og Ytterby gruve spesielt, har spelt ei viktig rolle i oppdaginga av ulike sjeldne jordarts-element. Namnsettinga av grunnstoffa vart òg prega av funnstaden, t.d. gadolinium (oppkalla etter professor Johan Gadolin), holmium (frå det Latinske namnet for Stockholm), scandium, thulium (Thule = dei nordiske landa) og, naturlegvis, ytterbium, erbium, terbium og yttrium, som alle har vorte kalla opp etter sjølve Ytterby gruve.
I 1989 vart gruva registrert som eit historisk minnesmerke av det amerikanske selskapet for material, ASM (American Society for Materials). Eit gruvemuseum finst på øya.
Sjå òg Gadolinitt
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ytterby gruve» frå , den 7. april 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Film om Ytterby gruve - periodicvideos.com Oppdagarhistorie og etymologi for grunnstoffa frå Ytterby
Kategori:Vaxholm Kategori:Gruver i Sverige Kategori:Stockholms skjergard