Arnfinn Graue () var ein norsk kjernefysikar. Graue var rektor ved Universitetet i Bergen i 1980-åra og hadde leiande stillingar ved CERN.
Han tok doktorgraden i fysikk i 1966 og var dosent i fysikk i Bergen frå 1961, før han same stad vart professor i eksperimentell kjernefysikk. Frå 1978 til 1980 var han dekanus ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, i 1981-1983 prorektor ved Universitetet i Bergen, og frå 1984 til 1989 rektor. Frå 1984 var han norsk delegat ved CERN og i tida 1988-1991 var han president i finanskomiteen i CERN.
Graue var òg gjesteforskar ved fleire amerikanske og europeiske forskingslaboratorium, der han mellom anna har vore ansvarleg for oppbygging av vitskapleg utstyr. Han leia samarbeidsprosjekt mellom Fysisk institutt i Bergen og Massachusetts Institute of Technology i USA og deltok aktivt i samarbeidsprosjekt med Niels Bohr-instituttet i København.
Kjelder
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske fysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Rektorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Folk tilknytte CERN