Kristian Østberg () var ein norsk jurist, høgskuledosent og folkeminnesamlar frå Grue. I tida 1914-39 gav han ut tolvbandsverket Norsk bonderett, der sedvaneretten i landbruket var hovudtema.

Liv og gjerning Østberg var son til ein gardbrukar på Grue. Han gjekk underoffiserskule 1885-89, og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889-95. Samstundes tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og var 1892-1904 lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Jamsides lærargjerninga studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. Åra 1906-08 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen. Sidan 1918 var han høgskoledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved Norges Landbrukshøgskole på Ås.

Østbergs var særleg interessert i folkloristikk. Allereie i 1901 fekk han sitt første stipend frå Universitetet i Kristiania for å samle folkeminne frå Finnskogane. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å samle inn folketradisjon omkring sedvanerett og bonderettslig tradisjonsmateriale. I 1904 fekk han som jusstudent H.K.H. Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Giv en paa egne undersøgelser af den lokale retspraksis og bondens retsopfatning bygget fremstilling af de til kvægleie knyttede sædvanemæssige retsregler i et eller flere amter. Østberg følgde opp emnet og var frå 1912 statsstipendiat. Første band av Norsk bonderet kom ut i 1914, og gav han ein doktorgrad i 1915: Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler.

Arbeidet var eit framifrå kulturhistorisk innsamlingsarbeid, men har spelt lita rolle for rettspleia.

Østberg døydde på Ås.

Litteratur Kaare Haukaas. «Kristian Østberg». I: Norsk biografisk leksikon, 1. utg.

Utvalde verk Kirkebranden i Grue 1ste pinsedag 1822 / Beretninger m. m. samlede og udg. af Kristian Østberg. 1897 Juridiske examensopgaver. 1902 Finnernes Bosættelse i Solør. 1903 Bonderetsstudier i Trøndelagen. 1903 Primstaven. 1912 Norsk bonderett. 1. Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler. 1914 Norsk bonderett. 2. Tjenesteforhold, lotkontrakter. 1918 Norsk bonderett. 3. Smaa bonderetslige og retshistoriske avhandlinger og artikler. 1922 Teoretisk socialøkonomik : En kortfattet oversigt. 1923 Svartboka. 1925 Norsk bonderett. 4. Av tømmerdriftens rets- og sedvaneregler. 1926 Norsk bonderett. 5. Sedvaner i granneforhold. 1928 Norsk bonderett. 6. Seterbruket i Norge : med et tillegg om årets - især landbrukets - merkedager. 1930 Norsk bonderett. 7. Føderåd - gjerder, norrøne bondevedtekter. 1932 Norsk bonderett. 8. Av saltvannsfiskerienes sedvaneregler. 1934 Norsk bonderett. 9. Husmannen ; Gammelnorsk primitiv hvalfangst ; Landslott. 1934 Norsk bonderett. 10. Bonderett (foredrag) ; Torvskurrettigheter ; Tillegg til tidligere bind ; Norrøn bondetrygd ; Bør. 1935 Norsk bonderett. 11. Fellesskap i jord og skog ; Heimerett ; Brukspant ; En gammel skikk. 1936 Norsk bonderett. 12. Deler av og tilbehør til fast eiendom ; Brenntorvforhold ; Husbehovsrett ; Seter i annen manns skog ; Bonderettsforskingen. 1939 «Finnskogene i Norge». I: Norsk geografisk tidsskrift 1931-1939. Som bok: Grue, 1978

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kristian Østberg» frå , den 4. april 2012.

Bakgrunnsstoff Sambok 65 bøker/særtrykk av Kr. Østberg

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Grue