Statfjord er eit oljefelt som i hovudsak ligg på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen, men 14,53% av ressursane i feltet er rekna å høyra til Storbritannia.

Feltet er bygd ut med tre Condeep oljeplattformer med betongunderstell, Statfjord A, Statfjord B og Statfjord C. Feltet er eitt av dei eldste på norsk sokkel. Geografisk ligg feltet i det såkalla Tampenområdet i den nordlege delen av Nordsjøen. Det ligg ute i havet rett vest for munningen av Sognefjorden.

Feltet vart oppdaga i 1974 av det amerikanske oljeselskapet Mobil. Statfjord vart erklært drivverdig i august 1974, og den første innretninga der – Statfjord A – starta produksjonen i 1979.

Kjelder no.wikipedia.org/wiki/Statfjordfeltet Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2011. Nettversjon

Kategori:Norske oljefelt Kategori:Olje- og gassfelt i Nordsjøen