Johann Gottfried Steffan () var ein av dei fremste sveitsiske landskapsmålarane i det 19. hundreåret. Han er ein av dei mest kjende representantane for Münchenskulen.
Liv og gjerning
mini|venstre|'Ung gjetar med geiter og sauer', 1858
Etter ei læretid som litograf i heimbyen Wädenswil reiste Steffan i 1833 til München og vidareutdanning der. Han studerte på kunstakademiet i byen med Peter von Cornelius til læremeister. Gjennom påverknad frå Carl Rottmann fatta han stor interesse for landskapsmåleri, og konsentrerte seg om den biletsjangeren.
Steffan sitt atelier vart midtpunkt for dei sveitsiske kunstnarane i München, mellom andre arbeidde Arnold Böcklin der. Saman med fleire kollegaer, der i mellom Rudolf Koller, la han han ut på studieturar til dei sveitsiske alpane, oftast til kantonen Glarus og til Walensjøen. I sine seinare år besøkte han Berchtesgaden og Ramsau fleire gongar, der han fann mange motiv.
Steffan sine måleri viser idealiserte landskap, oftast fjellutsyn, i Münchenskulen si ånd. Minst ein tredel av bileta han laga er landskapsbilete frå landområda med dei sveitsiske foralpane.
Heile livet ut var han busett i München.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johann Gottfried Steffan» frå , den 27. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Landskapsmålarar