mini|424x424pk|Noreg har hatt 15 fylke sidan 1. januar 2024. mini|300px|Kart over fylkeskommunane 2020–2023, til saman 11 fylke.
Fylkeskommune er eit politisk styringsorgan på regionalt nivå i Noreg. Fylkeskommunane er ei folkevald styresmakt innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Dei har kvart sitt fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn representantar for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala.
Styresmakter Fylkeskommunen sin administrasjon vert utgjord av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.
Statsforvaltar Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, men er ikkje ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagd regjeringa.
Ikkje ein del av noko fylke Jan Mayen og Svalbard høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit. Jan Mayen er underlagt statsforvaltaren i Nordland, medan Sysselmeisteren på Svalbard er administrativt underlagt Justisdepartementet.Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2
Bouvetøya, Peter I Øy og Dronning Maud Land vert rekna som biland.
Historie Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å verta primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skild ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.
Fram til 2002 var dei offentlege sjukehusa styrte og finansierte av fylkeskommunane, men sjukehusreforma av 2002 skilde sjukehusa ut av fylkeskommunane, og det vart danna fem helseføretak. I dag er det fire helseføretak.
Regionreformer
I 2020 hadde ein regionreforma som ende med at tal fylkeskommuner vart reduserte frå 19 til 11.
I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitta opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen. Desse fylka vart oppløyste frå 1. januar 2024.
Noverande fylkeskommunar NummerNamnAdm. senterFolketalArealTal komm.KartMålform03 Oslo454,12146px|Oslo markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral11 Stavanger9 377,102346px|Rogaland markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral15 Molde14 355,622646px|Møre og Romsdal markert med mørk blå på Norgeskartetnynorsk18 Bodø38 154,624146px|Nordland markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral31Sarpsborg4 004,21246px|Østfold markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral32Oslo5 894,472146px|Akershus markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral33Drammen14 693,871846px|Buskerud markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral34 Hamar52 072,444646px|Innlandet markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral39 24x24pk| VestfoldTønsberg2 167,65646px|Vestfold markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral40 24x24pk| TelemarkSkien15 298,161746px|Telemark markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral42 Kristiansand16 434,122546px|Agder markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral46 Bergen33 870,994346px|Vestland markert med mørk blå på Norgeskartetnynorsk50 24x24pk| TrøndelagSteinkjer42 201,593846px|Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral55Troms25 862,992146px|Troms markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral56Vadsø48 631,091846px|Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartetnøytral
Tidlegare fylkeskommunar Nummer Namn Adm. senter Areal Tal komm. Kart Målform Opphøyrte Vart ein del av Merknad 01 Sarpsborg1846px|Østfold markert med mørk blå på Norgeskartet bokmål 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024 02 Oslo2246px|Akershus markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024 04 Hamar2246px|Hedmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Innlandet 05 Lillehammer2646px|Oppland markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Innlandet 06 Drammen2146px|Buskerud markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024 07 Tønsberg1446px|Vestfold markert med mørk blå på Norgeskartet bokmål 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024 08 Skien1846px|Telemark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024 09 Arendal1546px|Aust-Agder markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Agder 10 Kristiansand1546px|Vest-Agder markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Agder 12 Bergen3346px|Hordaland markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk 2020 Vestland 13 Bergen 146px|Bergen markert med mørk blå på Norgeskartet 1972 Vestland 14 Hermansverk/Leikanger2646px|Sogn og Fjordane markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk 2020 Vestland 16 Trondheim2546px|Sør-Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2018 Trøndelag 17 Steinkjer2346px|Nord-Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2018 Trøndelag 19 Tromsø2446px|Troms markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024 20 Vadsø1946px|Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024 30 Oslo, Drammen, Sarpsborg 5146px|Viken markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2023 Akershus, Buskerud, Østfold 38 Skien2346px|Vestfold og Telemark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2023 Vestfold, Telemark 54 alt=|35x35pk|Troms og Finnmark Tromsø3946px|Troms og Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral2023 Troms, Finnmark
Sjå òg Fylke Amt Len Kommune Liste over norske fylkeskommuneslagord
Merknadar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Fylke (Norge)» frå , den 30. september 2011.
Kategori:Norske styresmakter Kategori:Fylke i Noreg