Jeløya er ei øy i Moss kommune i Østfold. Byen Moss ligg delvis på sørenden av denne øya. Ho er òg ein tidlegare kommune og vart innlemma i Moss kommune 1. juli 1943. Jeløya hadde ved samanslåinga 4 243 innbyggjarar.

Jeløy Folkehøyskole‎ ligg på øya.

Historie Jeløya hadde frå 1837 administrativt nemninga Moss landsokn. Ein del av soknet med 340 innbyggjarar vart allereie i 1840 overført til Moss.

Den 1. januar 1876 vart ein ny del med 631 bebuarar overført frå Jeløy (Moss landdistrikt) til Moss. 1. juli 1925 hende den siste grensereguleringa før samanslåinga, då ein del med 30 innbyggjarar vart overført til Moss.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Jeløya» frå , den 10. juli 2005.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i Moss Kategori:Øyar i Oslofjorden Kategori:Historie i Moss Kategori:Tidlegare kommunar i Østfold Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1943