Waldemar Thrane () var ein norsk komponist, fiolinist og orkesterleiar. Han er rekna som Noregs viktigaste musikar først på 1800-talet og ein pioner i norsk musikk.

Waldemar Thrane vart fødd i Christiania (no Oslo). I 1814–15 studerte han hjå fiolinisten Baillot i Paris.

Komposisjonane hans har kjenneteikna til wienerklassisismen — den vanlege stilen i Europa på den tida. I syngjespelet Et Fjeldeeventyr (1824) vart òg norsk folkemusikk brukt som kjelde — ofte rekna som det første steget på vegen mot ein nasjonal norsk musikkultur. «Aagots Fjeldsang» har ein innleiande lokk og er dermed den einaste songen i syngjespelet med eit nasjonalt element. Resten av Et Fjeldeventyr vert sunge av byfolk eller embetsmenn. Vi møter allereie det såkalla «Griegske ledemotiv» i lokken (fallande sekund og ters) fleire stader i lokken, til dømes i det avsluttende utbrotet «Aa stakkar».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Waldemar Thrane» frå , den 10. juli 2005.

Kategori:Norske komponistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Musikarar frå Oslo