Johannes Haarklou () var ein norsk komponist, organist og dirigent.
Liv Johannes Haarklou vart fødd den 13. mai 1847 i Førde. mini|venstre|Johannes er han lengst til høgre. Dei andre er (frå venstre): Edvard Grieg, Lauritz Grimstad og H. Ingelius; dei er i Leipzig i 1876. I 1868 vart han lærar i Eiker og fekk lære orgelspel og harmonilære i Drammen. I 1872 studerte han i Christiania med Ludvig Mathias Lindemann. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig, m.a. med Carl Reinecke, og deretter ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Christiania (Oslo). Han hadde ry som virtuos og for sine improvisasjonar på orgelet.
Haarklou er mest kjend for oratoriet Skabelsen og Mennesket til ein tekst av Henrik Wergeland; dette verket vart uroppført i 1891. Han skreiv òg fem operaer, fire symfoniar, eit symfonisk dikt (Westminster Abbey), to orgelsymfoniar, sonatar, songar, korverk og pianostykke. Ein del av verket hans er ikkje vorte utgjeve. Frå 1882 til 1921 var han òg musikkritikar ved ymse aviser, m.a. i Dagbladet.
I 1911 vart Haarklou utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Privatliv Haarklou var gift med Inga Marie Knoph (fødd 1865), og han er far til komponist og organist Andreas Haarklou. Han var god ven med folk som Anders Hovden, Per Sivle og Knut Hamsun. Ein periode budde Hamsun heime hos familien Haarklou.Sætre, Arild. Norges gløymde komponist. Klassekampen, 4. juli 2013, s14. Frå ungdommen var han òg kamerat av Olav Lofthus, mangeårig redaktør i Bergens Tidende. Finn Benestad omtalar Haarklou som «en forgrunnsskikkelse i norsk musikkliv fra 1880 til 1925» og «utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt».
Verk
Vokalverk
Oratorium Skabelsen og Mennesket
Operaer
Andre vokalverk
Instrumentalverk
Symfoniske verk Westminster Abbey (symfonisk dikt)
Orgelverk
Fantasi triomphale, opus 36 (verk 61), 1900 Tre stykker for orgel, opus 54 (verk 112) nr 1 Preludium og koral "Nun danket alle Gott" nr 2 Preludium og fuge nr 3 Preludium og fuge over G.A.D.E. Orgelsymfoni nr. 1 i d-moll, opus 53 (verk 106), 1916; Orgelsymfoni nr. 2 i d-moll, opus 60 (verk 116), 1924 Preludium og Fuge over B.A.C.H., verk 121, ca. 1925
Sonatar
Pianostykke
Kjelder
«Johannes Haarklou» på Bokmålswikipediaen.
Bakgrunnsstoff Liste over Haarklau sine komposisjonar ved wikiwand.com
Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske organistar Kategori:Norske dirigentar kategori:Folk frå Førde Kategori:St. Olavs Orden