Sargans er ein kommune i valkrinsen Sarganserland i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 480 meter over havet.
Sargans er kjend for borga si, som vart bygt før Det sveitsiske eidssambandet vart grunnlagd i 1291. Sargans var òg eit grevskap i Det tysk-romerske riket, sjå grevskapet Sargans.
Kommunen er hovudstad i valkrinsen Sarganserland. Han ligg ved foten av fjellet Gonzen. Den austlege grensa til kommunen er Rhinen og Liechtenstein. Sidan kommunen ligg i der Seeztal møter Rhinen, har Sargans lenge vore strategisk viktig og ein viktig handelsstad. Han består av landsbyen Sargans og grendene Vild, Ratell, Prod, Splee, Riet, Farb, Töbeli og Schwefelbad.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sargans» frå , den 19. mars 2012.
Bakgrunnsstoff (tysk) Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i St. Gallen Kategori:Byar i Sveits