Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar frå Den europeiske fellesskapen (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.
EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.
Historie Organisasjonen vart grunnlagd som Den europeiske kol- og stålfellesskapen. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).
I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.
Den europeiske unionen fekk Nobels fredspris i 2012.
Organisering EU har fem institusjonar: Europaparlamentet Rådet for Den europeiske unionen Europakommisjonen EU-domstolen Revisjonsretten
I tillegg kjem fem viktige organ: Den økonomiske og sosiale komiteen Regionskomiteen Den europeiske sentralbanken Den europeiske ombudsmannen Den europeiske investeringsbanken
EUs tre søyler EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:
1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans. 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett. 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegner av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegner av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.
Medlemsland År Land Areal (km²) Innbyggarar (2011) Hovudstad Valuta 1957 30 528 10 431 477 Brussel Euro 1957 674 843 65 821 885 Paris Euro 1957 357 022 81 471 834 Berlin Euro 1957 301 340 61 016 804 Roma Euro 1957 2 586 503 302 Luxembourg Euro 1957 41 543 16 847 007 Amsterdam Euro 1973 43 094 5 529 888 København Dansk krone 1973 70 273 4 670 976 Dublin Euro 1981 131 957 10 760 136 Athen Euro 1986 92 090 10 760 305 Lisboa Euro 1986 505 370 46 754 784 Madrid Euro 1995 83 871 8 217 280 Wien Euro 1995 338 145 5 259 250 Helsingfors Euro 1995 450 295 9 088 728 Stockholm Svensk krona 2004 9 251 1 120 489 Levkosía Euro 2004 78 867 10 190 213 Praha Tsjekkisk koruna 2004 45 228 1 282 963 Tallinn Euro 2004 93 028 9 976 062 Budapest Forint 2004 64 589 2 204 708 Riga Euro 2004 65 300 3 535 547 Vilnius Euro 2004 316 408 333 Valletta Euro 2004 312 685 38 441 588 Warszawa Polsk złoty 2004 49 035 5 477 038 Bratislava Euro 2004 20 273 2 000 092 Ljubljana Euro 2007 110 879 7 093 635 Sofia Bulgarsk lev 2007 238 391 21 904 551 Bucureşti Rumensk leu 2013 56 594 4 284 889 Zagreb Euro Totalt 4 511 003 507 752 126
1 ^ I 1990 vart Tyskland gjenforeint, og Aust-Tyskland vart ein del av EU.
Kandidatar Nord-Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.
Noreg sitt tilhøve til EU Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet. Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling.
Galleri
Sjå òg EFTA EØS NATO
Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål Europarørsla Europeisk Ungdom Nei til EU Folkeaksjonen mot EU-medlemskap Ungdom mot EU
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Konføderasjonar Kategori:G20-land Kategori:G7-land Kategori:G8-land Kategori:Europeiske organisasjonar Kategori:Organisasjonar tildelt Nobels fredspris Kategori:Organisasjonar skipa i 1993 Kategori:Politiske system Kategori:Handelsblokker Kategori:Observatørar ved SNs generalforsamling Europeiske union Kategori:Skipingar i 1993 i Nederland Kategori:Statar og territorium skipa i 1993