Grazia Deledda () var ein italiensk forfattar som i 1926 fekk Nobelprisen i litteratur «för hennes av hög idealitet burna författarskap, som med plastisk åskådlighet skildrat livet på hennes fäderneö och med djup och värme behandlat allmänt mänskliga problem.»"for her idealistically inspired writings which with plastic clarity picture the life on her native island and with depth and sympathy deal with human problems in general".Nobelprisen i litteratur 1926 på nobelprize.org
Liv og virke
Grazia Deledda var fødd i Nuoro på Sardinia. Ho kom frå ein velhavande familie og fekk språkundervisning allereie i barneåra. Som 15-åring fekk ho i 1886 publisert forteljingar og dikt i sardiske aviser. Frå år 1900 budde ho i Roma med to søner og ektemannen Palmiero Madesani, som var statstenestemann i forsvarsdepartementet.
Deledda blir rekna som ei av dei viktigaste naturalistiske forfattarane innan italiensk litteratur. I romanane sine skildrar ho det harde livet til det sardiske folket. Verka er lagnadsromanar der kvinner ofte er sentrale figurar rivne mellom konfliktar om ære, tru og fordommar frå omgjevnaden.Leksikonredaksjonen til forlaget F.A.Brockhaus (red.): Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Mannheim 2001, ISBN 3-7653-0491-3, s. 264. Dei seinare verka utspelar seg i Italia, men knyter likevel an til heimplassen hennar.
I verka hennar kan ein spore påverkning frå Giovanni Verga sin verismo og i blant Gabriele D'Annunzio sin decadentismo.
Verk i utval thumb|Deledda med mann og ein son Fior di Sardegna, 1892 La via del male, 1896a, omarbeidd i 1916 Il tesoro, 1897 Elias Portolú, 1900 Sino al confine, 1910 Nel deserto, 1911 Canne al vento, 1913 Marianna Sirca, 1915 Annalena Bilsini, 1927
Omsetjingar til norsk Hjemve, 1929 Annalena Bilsini, 1929 På onde veier, 1928 Efeuen, 1928 Siv som svaier i vinden, 1927 Flukten til Egypten, 1927 Den ensomme mands hemmelighet, 1925 Aske, 1925
Referansar
Litteratur Irene Ferchl, Es genügt, das innere Leben zu leben, i Charlotte Kerner; Nicht nur Madame Curie - Frauen, die den Nobelpreis bekamen, Belz Verlag Weinheim und Basel 1999, ISBN 3-407-80862-3 Gertraude Wilhelm (red.): Die Literaturpreisträger - Ein Panorama der Weltliteratur im 20. Jahrhundert, Econ Taschenbuch VErlag Düsseldorf, 1983, ISBN 3-612-10017-3 Red. E. Cecchi, samla verk, 4 bind. 1941-1955
Bakgrunnsstoff
Nobelprisen i litteratur 1926 på nobelprize.org Verk av Grazia Deledda: tekstar, konkordansar, ordlister og statistikk Biografi, litteratur og kjelder på FemBio, Institut für Frauen-Biographieforschung
Kategori:Italienske forfattarar Kategori:Italienske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Nuoro