mini|200px|right|Urserental, mot Realp mini|200px|right|Tog på Furkalinja Urserental eller berre Urseren er dalen i den øvre delen av elva Reuss i Uri i Sveits. Dalen går frå sørvest til nordaust, frå Realp til Hospental og Andermatt.

Han er skild frå hovuddalen i Uri, og er knytt til Valais via Furkapasset, til Graubünden via Oberalppasset og til Ticino via Gotthardpasset.

Dalen høyrte til Disentis kloster frå 800. I 1798 vart Urseren ein del av kantonen Waldstätten i Den helvetiske republikken, og i 1803 vart han ein del av kantonen Uri. I 1946 var det trefningar mellom lokale innbyggjarar og den sveitsiske hæren over eit omstridd damprosjekt der planen var å legge heile dalen under vatn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Urserental» frå , den 9. mars 2012.

Kategori:Dalar i Sveits Kategori:Geografi i Uri Kategori:Reussvassdraget Kategori:Dalar i Alpane