Così fan tutte, ossia La scuola degli amanti (Slik gjer alle kvinner, eller skule for elskarar) K. 588, er ein opera buffa av Wolfgang Amadeus Mozart frå 1790. Librettoen vart skriven av Lorenzo Da Ponte.

Così fan tutte er ein av tre Mozart-operaer Da Ponte skreiv librettoen for. Dei to andre var Figaros bryllup og Don Giovanni.

Sjølv om det er allment akseptert at Così fan tutte vart skriven og komponert etter forslag frå Josef II, støttar ikkje nyare forsking denne ideen.Brown, Bruce Alan. W.A. Mozart: Così fan tutte, Cambridge: Cambridge University Press. 1995. p. 10 Det er bevis for at Mozart sin samtidig, Antonio Salieri, prøvde å setje musikk til librettoen men ikkje gjorde han ferdig.Collins, Michael, Notes, Second Series, Vol. 53, No. 4 (June 1997), pp. 1142–1144. Music Library Association.

Framsyningar Den første framsyningar fann stad i Burgtheater i Wien den 26. januar 1790. Det vart berre fem framsyningar før det vart stoppa då keisar Josef II døydde og hoffet gjekk inn i ein sørgeperiode.

Temaet i operaen uroa ikkje Wien på denne tida, men utover 1800- og tidleg på 1900-talet vart han rekna som for vågal. Operaen vart sjeldan framført.

Etter andre verdskrigen fann han igjen ein stad i standardrepertoaret i operaen og er i dag den 11. mest spelte operaen verda over i følgje lista til Operabase.

Roller mini|Program for premieren RolleStemmePremierebesetning, 26. januar 1790(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart) Fiordiligi, Frue frå Ferrara og syster til Dorabella, budde i NapolisopranAdriana Ferrarese Dorabella, Frue frå Ferrara og syster til Fiordiligi, budde i Napolimezzo-sopranLouise (Luisa) VilleneuveGuglielmo, kjærasten til Fiordiligi, ein soldat barytonFrancesco Benucci Ferrando, kjærasten til Dorabella, ein soldattenorVincenzo Calvesi Despina, ei hushjelpsopranDorotea Bussani Don Alfonso, ein gammal filosofbassFrancesco BussaniKor: soldatar, tenarar, sjømenn

Samandrag To vener kler seg ut som «albanarar» og kurtiserer kvarandre sine trulova for å teste truskapen deira. Til slutt avslører venene identiteten sin, alt vert tilgjeve, og dei fire syng om det prisverdige i å kunne akseptere både medgang og motgang i livet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Così fan tutte» frå , den 2. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Samandrag av Così fan tutte frå English Touring Opera. Komplett libretto Notar "Mozart at the Met" , Time, 7 januar 1952 San Diego OperaTalk! med Nick Reveles: Così fan tutte Così fan tutte opera

Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Opera buffa Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1790 Kategori:Operaer frå 1700-talet