mini|Posthornet, som serenaden er kalla opp etter. Serenade for orkester nr. 9 i D-dur K. 320, Posthorn, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i Salzburg, i 1779. Manuskriptet er datert 3. august 1779 og var meint som seremonimusikk ved Universitetet i Salzburg det året.Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 503-505, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4.
Serenaden er instrumentert for to fløytear, flautino, 2 oboar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, posthorn, pauke og strykarar. Verket har sju satsar:
Adagio maestoso - Allegro con spirito Minuetto Concertante: Andante grazioso i G-dur Rondeau: Allegro ma non troppo i G-dur Andantino i D-moll Minuetto - Trio 1 & 2 Finale: Presto
Concertanten og rondoen er dominert av fløyte og obo.
Den første trioen av den andre menuetten består av ein soloflautino (eller piccolo) spelt over strykarar. Den andre trioen i den andre menuetten har ein solo for posthorn og dette har gjeve serenaden kallenamnet sitt.
Ei typisk framføring varer om lag 42-45 minuttar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 9 (Mozart)» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Serenade 09 Kategori:Musikk i 1779