Sonja Aldén () er ein svensk songar.Discogs Ho er mest kjend for deltakingane sine i Melodifestivalen. I 2005 skreiv ho bidraget til Shirley Clamp, «Att älska dig», og seinare same år var ho støttevokalist for Laura & The Lovers, med songen «Little by Little», som representerte Litauen i Eurovision Song Contest. I 2006 deltok ho, under artistnamnet Sonya, med songen «Etymon» i den andre deltevlinga, men enda på femteplass og kvalifiserte seg difor ikkje til finalen. Same år skreiv ho bidraget til The Poodles, «Night of Passion», som enda på sjetteplass i finalen. Året etter deltok ho med songen «För att du finns» i den tredje deltevlinga. Ho gjekk vidare til andresjansen og seinare til finalen der ho enda på sjetteplass. I 2012 deltok ho i den andre deltevlinga med songen «I din himmel», men enda på sjetteplass og gjekk dimed ikkje vidare til korkje finalen eller andresjansen.
Diskografi Album Till dig (2007) Under mitt tak (2008) I gränslandet (2012) I andlighetens rum (2013)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sonja Aldén» frå , den 25. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske songarar Kategori:Melodifestivalen 2005-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2006-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2006-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2007-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2007-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2012-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2012-låtskrivarar