Nikolaj Gennadijevitsj Basov () var ein sovjetisk fysikar og pedagog.

Han var assisterande direktør frå 1958 til 1972 og frå 1973 direktør ved Lebedev instituttet for fysikk i Moskva. Frå 1963 var han òg professor i faststoff-fysikk ved Moskva fysikalsk-tekniske institutt. Basov utvikla saman med Aleksandr Prokhorov ein metode for forsterking av elektromagnetiske bølgjer ved å eksitere atom eller molekyl slik at dei etterpå kunne sende ut stråling med same frekvens som den innkomande bølgja (stimulert emisjon). Metoden blir no til nytta forsterkning av mikrobølgjer (masar) og ljos (laser). Han vart samstundes utvikla av Charles Hard Townes i USA, og desse tre vart i 1964 saman tildelt Nobelprisen i fysikk for oppfinninga.

Prisar og utmerkingar (utval) 1959: Leninprisen 1964: Nobelprisen i fysikk 1989: Den sovjetiske statsprisen

Kjelde

Denne artikkelen byggjer på «Nikolay Basov» frå , den 24. februar 2012.

Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Leninprisen Kategori:Den sovjetiske statsprisen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Russiske oppfinnarar Kategori:Sovjetarar i andre verdskrigen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Sovjetiske nobelprisvinnarar