Hans Georg Dehmelt () er ein tysk-fødd amerikansk fysikar som mottok Nobelprisen i fysikk i 1989. Han fekk prisen på bakgrunn av utviklinga av ionefella. Han delte halvparten av prispengane med Wolfgang Paul. Den andre halvparten fekk Norman Ramsey.

Han studerte fysikk ved universitetet i Göttingen og tok doktorgrad i 1950. I 1952 flytta han til USA og Duke University i Nord-Carolina. I 1961 vart han professor ved University of Washington i Seattle.

Saman med Wolfgang Paul utvikla han den såkalla ionefellen, som ein kan nytte for å fange og studere eit enkelt elektron eller ion med høg presisjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Georg Dehmelt» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Görlitz Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Tyskarar i andre verdskrigen Kategori:Tyske krigsfangar