Leo Esaki eller Esaki Leona () er ein japansk fysikar og nobelprisvinnar. Esaki vart tildelt halvparten av prispengane av Nobelprisen i fysikk 1973 saman med norskamerikanaren Ivar Giæver «for den eksperimentelle oppdaginga deira om tunnelfenomenet i høvesvis halvleiarar og superleiarar».Esaki, Leo, "Long Journey into Tunneling," Nobelforedraget, 12. desember 1973. Den andre halvdelen vart tildelt engelskmanen Brian Josephson «for hans teoretiske føreseiingar av eigenskapane til ein superstraum gjennom ein tunnelbarriere, spesielt dei fenomena som allment vert kalla Josephson-effekt».
Esaki er kjend for oppfinninga si av Esaki-dioden som utnytta tunnellfenomenet. Denne forskinga vart gjort medan han var med Tokyo Tsushin Kogyo (no kjend som Sony). Han studerte fysikk ved Universitetet i Tokyo der han fekk ein Bachelor of science i 1947 og ein filosofisk doktorgrad i 1959. Han flytta til USA i 1960 og vart ein del av IBMs Thomas J. Watson Research Center der han vart partner i 1967.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leo Esaki» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Japanske fysikarar Kategori:Japanske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Osaka