James Franck () var ein tysk-fødd jødisk fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med Gustav Hertz «for oppdaginga deira av lovene som regulerer verknaden av eit elektron på eit atom». Høyreapparatet representerte eit praktisk bruksområde av dei forskingsresultata Franck fekk Nobelprisen for.
Franck studerte i Heidelberg og Berlin (under Paul Drude og Heinrich Rubens) og vart løna med ein doktorgrad i 1906. I 1911 vart han dosent i fysikk i Berlin, i 1981 medlem av Kaiser-Wilhelms-Institut für physikalische Chemie og i 1920 professor i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Göttingen. Etter at nazistane tok over makta flytta han til USA etter eitt års opphald hos Niels Bohr i København, og vart der ein del av Manhattanprosjektet.
Francks mange arbeid innan atomfysikken omfatta mellom anna undersøkingar rundt dei spenningane som må til for ioniseringa av hydrogenmolekylet, saman med Gustav Hertz i 1913. Dei omfatta òg dei atoma som gjennom elektronstøyt framkalla modifikasjonene som syner seg gjennom fluorescensspektrum.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «James Franck» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Folk frå Hamburg Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Tyske jødar Kategori:Tyskarar frå fyrste verdskrigen Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Max Planck-medaljen Kategori:Elevar ved Universitetet i Heidelberg Kategori:Elevar ved Humboldt-universitetet i Berlin