Amy Lee Grant () er ein USA-amerikansk artist. Ho er best kjend for å ha produsert mykje kristen pop og gospelmusikk.
Biografi
Amy Grant vart fødd i Augusta i delstaten Georgia, men flytte til Nashville i Tennessee i 1967. Ho gav ut debutalbumet i 1977 på Word Records; det fekk tittelen Amy Grant. Oppfylgjaralbumet My Father's Eyes kom allereie året etter. På sleppefesten til andrealbumet møtte ho musikaren Gary Chapman som ho innleidde eit musikalsk samarbeid med og seinare gifte seg med. Amy Grant heldt fram som ein produktiv artist også i løpet av 1980-åra. Ho fekk sin fyrste Grammy-pris i 1982.
Amy Grant har så langt gjeve ut 20 studioalbum, blant dei fleire joleplater. Fram til i dag har ho vunne 6 Grammy-prisar, fått talrike andre prisar og nominasjonar og selt over 30 millionar plater på verdsbasis. Amy Grant har tre born med Gary Chapman, men dei to er i dag skilde. Ho er no gift med musikaren Vince Gill. Grant og Gill har ei dotter saman, fødd i 2001.
Diskografi
1977: Amy Grant 1979: My Father's Eyes 1980: Never Alone 1982: Age to Age 1983: A Christmas Album 1984: Straight Ahead 1985: Unguarded 1988: Lead Me On 1991: Heart in Motion 1992: Home for Christmas 1994: House of Love 1997: Behind the Eyes 1999: A Christmas to Remember 2002: Legacy...Hymns and Faith 2003: Simple Things 2005: Rock of Ages...Hymns and Faith 2010: Somewhere Down the Road 2013: How Mercy Looks from Here 2016: Tennessee Christmas
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Amy Grant» frå , den 19. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
kategori:Grammy-vinnarar kategori:Folk frå Georgia kategori:Folk frå Tennessee kategori:Gospelartistar kategori:USA-amerikanske popmusikarar kategori:USA-amerikanske songarar