Salhus er ei bygd i Åsane bydel i Bergen kommune i Vestland fylke. Staden er kjend for tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, der det var produksjon frå 1859 til 1989. Delar av fabrikklokala er gjort om til Tekstilindustrimuseet, og administrasjonen til Museumssenteret i Hordalandhttp://www.muho.no og konserveringsateliera Bevaringstenestene for musea i Hordalandhttp://www.muho.no/bevaringstenestene ligg også i fabrikkanlegget. Statistisk Sentralbyrå reknar Salhus som ein del av den samanhengande tettstaden Bergen, og fører difor ikkje folketalsstatistikk for staden. Så godt som heile tettstaden ligg innanfor grensene til matrikkelgarden Salhus, som i 2001 hadde 725 innbyggjarar. I 1960 var dette talet 1149 innbyggjarar.
I 1954 vart ferjesambandet Salhus-Frekhaug-Flatøy oppretta. Ferjekaien i Salhus vart nedlagd i 1985.
Sjå òg Salhusvinskvetten - ei musikkgruppe med opphav i Salhus Salhuskvintetten - ei visegruppe med opphav i Salhus Idrettslaget Norna-Salhus - eit idrettslag heimehøyrande i Salhus
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Tekstilindustrimuseet - Museumssenteret i Hordaland Bilete frå industristaden Salhus på DigitaltMuseum
Kategori:Gardar i Åsane Kategori:Åsane