Vitskapsåret 1708 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1708.
Medisin Herman Boerhaave gav ut Institutiones medicae, ei av dei tidlegaste bøkene om fysiologi.
Teknologi mini|Meissenerporselen: Suppeterrin i svaneserviset right|mini|Albrecht von Haller Eit kalkhaldig hardpakka porselen, rekna som ekte porselen, vart oppfunne i Sachsen. Dresdenporselen eller meissenerporselet vart oppfunne av Ehrenfried Walther von Tschirnhaus. Etter at han døydde fortsette Johann Friedrich Bottger utviklinga, og er ofte blitt gjeven æra for oppfinninga. Eit orkesterinstrument for å lage torelydar vart oppfunne av John Dennis.
Fødde 16. oktober: Albrecht von Haller (død 1777), sveitsisk lege og vitskapsmann, grunnleggar av nevrologien. 22. oktober: Frederic Louis Norden (død 1742), dansk forskingsreisande.
Døde 10. oktober: David Gregory (fødd 1659), skotsk astronom. 11. oktober: Ehrenfried Walter von Tschirnhaus (fødd 1651), tysk matematikar. 24. oktober: Seki Kowa (fødd ca 1640), japansk matematikar. 28. desember: Joseph Pitton de Tournefort (fødd 1656), fransk botanikar.