mini|Frå Woodstockfestivalen. mini|Frå Roskildefestivalen 2003. Musikkfestival er ein festival som i hovudsak er vigd musikk.

Musikkfestivalar er ofte konsentrerte om eitt tema eller éin musikktype eller sjanger. Dei legg ofte vekt på konsertar og kan omfatta tevlingar, men kan også vera vigd musikkutdanning på alle slags nivå.

Historie Musikk har utvilsamt vore knytt til høgtidar og samkome frå gamalt av. Frå antikken finst det døme på at musikarar kom saman og tevla om prisar i dei pythiske leikane, som byrja på 500-talet f.Kr. I nyare tid oppstod musikkfestivalar i England på 1700-talet, då ein utvida konsertlivet i byane til ei sesongmessig kulturell hending strukturert kring ein konsertplan. Frå 1950-talet har Sanremofestivalen blitt halden i Italia som ei tevling som også blei sendt på fjernsyn, slik at han både er den lengstlevande musikkfestivalen i dag og eit av dei eldste fjernsynsprogramma. Woodstockfestivalen i 1969 var ein av dei største musikkfestivalane, med over tilskodarar, og er blitt ein kjend festival i rockehistoria. Musikkfestivalar har utvikla seg til ei næring som kan ha stor tyding for lokal økonomi, til dømes tente Coachella Valley Music and Arts Festival inn 115 millionar dollar i 2017. Kjende musikkfestivalar

Pop/rock Norwegian Wood Quartfestivalen Øyafestivalen Ranglerock Roskilde Festival Storåsfestivalen Søfteland Rock n' LOL

Jazz/blues Bluesfestivalen på Notodden Kongsberg jazzfestival Polarjazz Balejazz Moldejazz Sildajazz Trondheim jazzfestivalKøntri/roots Down on the farm

Klassisk Festspela i Bergen Hardingatonar Sunnmøre kammermusikkfestival

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Music festival» frå , den 29. januar 2024.

Kategori:Festivalar Kategori:Musikkliv