Signy Anette Arctander () var ein norsk statistikar.
Ho var dotter av Sofus Anton Birger Arctander.
Signy Arctander vart cand.oecon. i 1919 og var sekretær i Statistisk Sentralbyrå frå 1920. Frå 1946 vart ho byråsjef, i 1955-1965 var ho underdirektør og frå 1960 til 1963 var ho konstituert direktør. Ho var på den tida den høgaste plasserte norske kvinnelege tenestemann. Ho skreiv fleire avhandlingar som sosiale emne.
Under den andre verdskrigen vart Signy Arctander verva av direktøren i byrået, Gunnar Jahn, til illegalt motstandsarbeid. I 1944 vart ho fengsla og sat på Grini fram til frigjeringa.
Ho var medlem av Statens lønskomité av 1946 og av Likelønskomiteen av 1949. Ho sat i tillegg som norsk representant i Nordisk ekspertkommisjon for samordning av lønsstatistikken, var styremedlem i Norsk forening for sosialt arbeid og Norsk statistisk forening. I 1966 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Verk Miljøundersøkelse for Oslo, 1928 Hvordan går det våre vergerådsbarn? (saman med S. Dahlstrøm), 1932 (også utgjeve med tittelen Social oplysning, 1932) De sosiale forholds betydning for individets utvikling, i Sosialt arbeid 1932 Kvinnelige akademikere i sosial forskning, i Kvinnelige studenter 1882–1932, 1932 Vergerådsopdragelsen og dens resultater, 1936 Arbeidsvilkår for hushjelp, 1937 Kamerat-klubben 1912–1937, 1937 Den sosiale forskning og kampen mot samfunnssykdommene, i R. Vogt (red.): Frihet – sannhet. Festskrift til Johan Scharffenberg, 1939 Kvinnen i ervervslivet, 1952 Sosialstatistikkens historie i Norge gjennom 100 år, 1952 Den offisielle statistikks historie 1–4, 1970–72
Kjelder «Signy Arctander» (2012-02-14) I Norsk Biografisk Leksikon.
Kategori:Norske statistikarar Kategori:Vitskapsfolk frå Bergen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske motstandsfolk