Berninapasset (italiensk Passo del Bernina) er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Passhøgda er 2 328 meter over havet og går gjennom i Berninafjella av Alpane. Oppe på passhøgda ligg eit hospits, Ospizio Bernina. Vegen knyter saman Sanmedan og Pontresina i Engadindalen med kommunen Poschiavo i dalen Val Poschiavo.
mini|venstre|Tversnitt av vegen over Berninapasset, frå Samedan til Poschiavo
Ei jarnbane går over eit litt lågare pass, 2 253 moh., få kilometer aust for vegovergangen.
Både fjellvegen og jarnvegen er heilårs ferdselsårer.
Soge Vegen over Berninapasset vart bygt i tidsrommet 1842-65. Ein jarnveg over Berninapasset har vore i drift sidan 1910, frå 1913 også om vinteren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berninapass» frå , den 12. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjellovergangar i Sveits Kategori:Geografi i Graubünden