Avril Ramona Lavigne () er ein kanadisk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho har hatt ei viktig rolle i utviklinga av pop-punk, der ho bana veg for punk-påverka popmusikk med kvinnelege frontfigurar tidleg på 2000-talet. Lavign har hatt hittar med songane «Sk8er Boi», «Girlfriend», «Complicated» og «Nobody's Home».
Liv og virke
Avril Lavigne vart fødd i Belleville i Ontario, men voks opp i småbyen Napanee i same provinsen. Ho viste tidleg musikalsk talent, og skreiv platekontrakt med Arista Records då ho var 16 år gamal. Ho gav ut debutplata si, Let Go i 2002, då ho var 17. Singlane «Sk8er Boi» og «Complicated» vart store hittar, og plata selde i svært mange eksemplar over heile verda. Dette resulterte i både den kanadiske Juno-prisen, Grammy-prisen frå USA med meir.
Oppfylgjarplata Under My Skin kom i 2004. Fleire singlar vart laga frå denne også, som «Don't Tell Me» og «Nobody's Home». Det tredje studioalbumet hennar, The Best Damn Thing (2007), nådde fyrsteplassen på albumlistene i sju land. Hovudsingelen frå albumet, «Girlfriend», vart den fyrste singelen hennar til å nå toppen av Billboard Hot 100 i USA. Dei neste to albuma hennar, Goodbye Lullaby (2011) og Avril Lavigne (2013), hadde også kommersiell suksess, og selte begge til gull i Canada, USA og andre område. Etter nokre års pause slapp ho det sjette studioalbumet sitt Head Above Water i 2019, før ho vende attende til punkrøtene sine med Love Sux i 2022.
Avril Lavigne har hatt fleire skodespelarroller, m.a. ei stemme i animasjonsfilmen Over hekken og i filmen Fast Food Nation, basert på boka Fast Food Nation: The Dark Side of the All-American Meal (2006).
Privatliv Lavigne var saman med Deryck Whibley, vokalisten i rockebandet Sum 41, frå ho var 19 år gammal. Dei gifta seg i 2006, men skilde lag nokre år seinare.
Diskografi
Let Go (2002) Under My Skin (2004) The Best Damn Thing (2007) Goodbye Lullaby (2011) Avril Lavigne (2013) Head Above Water (2019) Love Sux (2022)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Avril Lavigne» frå , den 8. februar 2012.
Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Kanadiske musikarar Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Kanadiske gitaristar Kategori:Kanadiske skodespelarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar